Venstre støttar Runde Miljøsenter

Pål Farstad, arkivfoto
Pål Farstad ved eit tidlegare besøk til Runde Miljøsenter., Møre og Romsdal Venstre

I Venstre sitt alternative statsbudsjett ligg det inne ei vidareføring av øyremerrka tilskot på kr 5,5 millionar kroner til Runde Miljøsenter.

Runde Miljøsenter er eit senter for forsking og formidling på marin kystøkologi, sjøfugl og livet i havet. Senteret er sentralt plassert like ved fuglefjellet på Runde og dei viktige gytefelta for silda på Mørebankane. Dei siste åra har senteret, ved hjelp av statlege løyvingar, utført mykje viktig nybrotsarbeid.

Då Ap/Sp-regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett tidlegare i haust, var det utan tilskot til Runde Miljøsenter. Eit tilskot som har vore i statsbudsjettet dei siste åra, og som er svært viktig for vidare drift av det viktige arbeidet ved senteret.

Pål Farstad (V) var på Stortinget for Venstre i perioden 2013-2017. Det var i denne perioden at Venstre sørga for ei støtte til det viktige arbeidet ved Runde Miljøsenter, med Pål Farstad og Ola Elvestuen i spissen, saman med dåverande fylkespolitikar Gunn Berit Gjerde. Pål Farstad seier at ei vidareføring av denne støtta er utruleg viktig. Både lokallaga på Søre Sunnmøre og fylkeslaget i Møre og Romsdal har spelt inn ei bekymring for eit eventuelt kutt her, og er svært glad for at Venstre si stortingsgruppe også ser viktigheita her.

Lenke til Runde Miljøsenter: rundecentre.no/