Ope møte i Herøy måndag 07.11.22

Stortingsrepresentant og leder av Oslo Venstre, Grunde Almeland, Foto: Celina Christoffersen

Måndag 7. november vitjar stortingsrepresentant og leiar i familie- og kulturkomiteen, Grunde Kreken Almeland (V) Herøy kommune.

I tillegg til Almeland kjem også fylkespolitikar Pål Farstad og ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, saman med medlemmar frå Herøy og omegn. Politikarane skal mellom anna besøke Runde Miljøsenter, Herøy vidaregåande skule og Metizport.

På kvelden vert det ope møte på Kjeldsund for alle som ynskjer å vite meir om Venstre. Sjå detaljar på plakat under.

Venstre har ambisjon om å stille liste til kommunevalet i 2023, og Grunde Kreken Almeland ser fram til å besøke kommunen for å bli betre kjent området.

 

Velkomen til ope møte i Herøy førstkomande måndag!