Vi treng Mork!

Foto: Annika Brandal

Ope brev til styret i Helse Møre og Romsdal

Nærast frå lyn frå klar himmel kom forslaget i desember, om å legge ned Mork Rehabiliteringssenter, og avgjerdsla skal skje onsdag 1. februar. Kvifor dette hastverket? Eit hastevedtak av denne typen er svært risikabelt!

På denne korte tida er det umogleg å sjå på andre løysingar. Konsekvensane er lite utgreia. ROS-analysen er gjennomført på kort tid. Men den viser at ei nedlegging av Mork vil ha negative og usikre konsekvensar for pasientane.

Gjennom snart 50 år har Mork Rehabiliteringssenter vore eit viktig tilbod til pasientar etter alvorlege skader og sjukdom. Gjennom snart 50 år har pasientar fått lære seg ein ny kvardag etter alvorleg skade eller sjukdom. Dei tilsette sit på ei unik kompetanse, som har tatt tiår å bygge opp.

I tillegg til kompetansen, ligg også omgjevnadane på Mork til rette for at pasientane skal ha best mogleg utbytte av behandlinga.

Det smertar oss å sjå at dette viktige tilbodet no kan bli vekke, ved å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. Ti av plassane er foreslått flytta til fys.med. i Ålesund, fire plassar skal erstattast med plassar på pasienthotell, medan fire plassar vert kutta heilt. I ei tid med aukande tal eldre innbyggarar, er ein reduksjon i rehabiliteringsplassar heilt feil veg å gå!

Dei tilsette og kompetansen deira vert neppe med på flyttelasset, dessverre. Rekruttering vil ta tid, og det vil ta fleire år å bygge opp igjen denne kompetansen.

Rehabilitering i kommunen og i spesialisthelsetenesta må utfylle kvarandre. Den spesialiserte rehabiliteringa må oppretthaldast samtidig som det eksisterande rehabiliteringstilbodet vert vidareutvikla, og behovet for rehabilitering på alle nivå er aukande. Det er ikkje alle skader som kan behandlast ambulant eller poliklinisk.

Å legge ned Mork Rehabiliteringssenter kan ikkje reverserast. Då må ein bruke betre tid på å finne den beste løysinga! Ein og ein halv månad er ikkje nok tid!

Vi oppmodar styret i Helse Møre og Romsdal på det sterkaste til å utsette saka eit par år, og bruk tida til å finne løysingar som set pasienten først, saman med både dei tilsette og kommunane. Ver løysingsorientert, vi treng Mork Rehabiliteringssenter også i framtida, i Volda!

 

Annika Brandal
på vegne av
Venstrelaga på Søre Sunnmøre
og Møre og Romsdal Venstre