Endre Vollsund er Time Venstres ordførarkandidat

Bak fra venstre: Sondre U. Lokøy (3.kandidat), Tone Byberg (2.kandidat). Fremme fra venstre: Endre Vollsund (1.kandidat), Ola Elvestuen (Stortingsrepresentant), Foto: Venstre

Endre Vollsund er valt til Time Venstres ordførarkandidat. Han får med seg Tone Byberg og Sondre Undheim Lokøy på kumulerte plassar.

– Me i nominasjonskomiteen er veldig godt nøgde med at me har ei lang liste med så mange dyktige namn på vallista vår. Vidare har me god kjønnsbalanse og stor aldersspreiing, frå førstegongsveljarar til pensjonistar. Å seia ja til å stå på ei liste i kommunevalet er også å slutta opp om lokaldemokratiet, og det er me glade for at så mange har gjort for partiet vårt, fortel Unni Fuglestad.

Litt meir om trioen på topp:

Endre Vollsund (43) er vår nye førstekandidat, etter at Bjarte Solheim gir seg etter to periodar i kommunestyret. Endre har stått på vallista for Time Venstre fleire gonger, og var nå klar for å ta steget heilt til toppen. – Det er mykje spanande som skjer i Time, og eg ser på det som både givande og kjekt å vere med å ta kommunen vidare framover. Endre brenn for idrett og folkehelse, og som lektor på Bryne vidaregåande er sjølvsagt også engasjementet for skulepolitikk stort.

Tone Byberg (45), leiar i Time Venstre, står på andre plass på lista. For Tone er klima og miljø den viktigaste saka, at me alle må bidra til å stansa klimaendringane. Som butikksjef for Holdbart på Jærhagen arbeider Tone for å redusera matsvinn. Globalt sett står mat som ikkje blir spist for 8 % av klimagassutsleppa, så det å få redusert matkasting har alltid vore ei sak som har engasjert Tone. Som gründer er også Tone oppteken av at næringslivet, spesielt dei små og mellomstore bedriftene, må ha føreseielege og gode driftsvilkår.

På tredjeplass står Sondre Undheim Lokøy (20). Sondre vart nyleg valt til leiar for Rogaland Unge Venstre, og er ein ung politikar me er sikre me kjem til å sjå mykje av i åra som kjem. Sondre ønsker at Time skal vera ein inkluderande kommune for alle, der ein har friheit til å velja og å vera med i samfunnet. Han er oppteken av attraktive velferdstilbod i heile kommunen, både på Bryne og i bygdene. Og som tidlegare leiar av Elevorganisasjonen i Rogaland er sjølvsagt også skulepolitikk viktig for Sondre, spesielt elevmedverknad og at også elevar skal ha moglegheit for å ta val i kvardagen.

Dette er svært dyktige kandidatar som utfyller kvarandre på ein god måte, og som kjem til å gjera ein topp jobb både for partiet og for at Time skal fortsetja å vera ein attraktiv og god kommune å veksa opp og bu i, uttalar Unni Fuglestad på vegne av nominasjonskomiteen i Time Venstre.

Sjå heile lista til Time Venstre her:

1 Endre Vollsund Bryne 1979
2 Tone Byberg Bryne 1977
3 Sondre Undheim Lokøy Undheim 2002
4 Nina Nygård Magnussen Bryne 1972
5 Frits Kverneland Kvernaland 1997
6 Heidi Håland Undheim 1981
7 Trond Bjørnsen Bryne 1975
8 Hanna Sannes Bryne 1999
9 Jørn Martinsen Bryne 1976
10 Ingvild Kristine Røst Kvernaland 1980
11 Arne Veivåg Bryne 1973
12 Unni S Fuglestad Bryne 1970
13 Jarle Braut Bryne 1946
14 Kine Risa Lye 1988
15 Einar Wahlstrøm Undheim 1975
16 Martine Bill Fjermestad Bryne 2005
17 Klaus Beschel Bryne 1967
18 Anita Helen Støle Kvernaland 1967
19 Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll Bryne 1974
20 Kari Haug Hansen Bryne 1964
21 Øystein Røiseland Bryne 1941
22 Aud Solheim Bryne 2005
23 Dan Thomas Haugland Kvernaland 1992
24 Else Marie Lid Rasmussen Bryne 1950
25 Knut M Norddal Kvernaland 1950
26 Bjørg Odland Bryne 1958
27 Åge Fjermestad Bryne 1951
28 Bjarte Solheim Bryne 1972