Leve Ukraina!

Venstre sentralt

I dag er det eitt år sidan Russland starta sin fullskala krig mot Ukraina. Min, din og Europa sin fridom er avhengig av at ukrainarane vinn. Venstre har støtta Ukraina sidan krigen starta. Vi vil stå ved deira side så lenge dei treng oss.

Få hadde trudd det vi vakna til 24. februar i fjor, då vi såg bilda av eksplosjonar fleire stader i Ukraina. Dei skulle syne seg å berre verte dei første i rekkja. Sidan såg vi bilete av familiane som måtte skiljast på grensa, med barn og kvinner som strekte seg ut av togvindauge for å vinke til fedrane sine og kjærestar som måtte bli igjen. Deretter pulveriserte bustadblokker, skulebygg, barnehagar og sjukehus. Massegraver. Millionar av flyktningar, titusenvis til Norge og mange til vårt distrikt.

Krigen er komen tilbake til Europa, med eit omfang og ein brutalitet vi ikkje har sett sidan andre verdskrig. Det er ikkje ein krig mellom Russland og Ukraina, men ein krig mellom diktatur og demokrati, mellom tilbakesteg og framgong, mellom det autoritære og dei liberale verdiane. Slaget står til sjuande og sist om vår felles fridom på kontinentet vårt. Det angår i høgaste grad også oss.

No markerer vi eitt år med fullskala krig, men også at Ukraina har vore invadert av Russland i ni år. Då vart Krim annektert. Og sjølv om volden har eskalert og elende har trekt ut, lever også håpet. Putin har ikkje lykkast. På denne dagen i fjor var planen å okkupere Ukraina i løpet av nokre dagar. Dei kjempar framleis. Det meste av landet er framleis fritt.

Ukraina tek kampen for seg sjølv og alle oss. Då er det sjølvsagt at Norge må stille opp. I førre veke lova vi å støtte ukrainarane med 75 milliardar kroner dei neste åra. Nøyaktig det beløpet Venstre fremja i haust. Det kan bli meir. Fleire land har kome med liknande løfte. Krigen har ført Europa tettare saman. Bagatellar er lagt til side. Vi er eitt lag – for fridom. Framover vert det viktig å følge opp forpliktingane våre. Vi må sjå på løfta som eit golv og eit minimumskrav – ikkje eit tak.

No treng vi eit samla NATO og eit sterkt EU. Handlekraftig samarbeid og koordinasjon på tvers av nasjonar. Når det gjelder energipolitikk, våpenkjøp, humanitær støtte og fordeling av flyktningar. Stadig forsterka, felles sanksjonar mot Putin. Det hadde han nok ikkje sett føre seg. Slik opererer ikkje han.

Vi merkar konsekvensane av krigen i kvardagen vår. Prisane stig. Kanskje har vi fått nye naboar som har reist frå alt og skal finne tryggleik og meining på nytt. Utan nokre av dei dei er mest glade i. Det kan koste oss litt å være solidariske og stå skulder ved skulder med Ukraina. Men det er so mykje meir verdfullt. Og den einaste måten vi kan vinne på, på sikt.

Åra som kjem vert avgjerande for kva retning verda og Europa tek. Dei vil truleg bli enda meir krevjande enn året som no har gått. Men vi må halde ut, saman. Kjempe oss framover. Leve Ukraina.

Venstrelaga på søre Sunnmøre

Bent Nakken Kjerstad, Ørsta
Hogne Kvangarsnes, Volda
Jenny Helen Korsnes, Hareid
Joakim Eiksund, Herøy
Lena Landsverk Sande, Vanylven
Tor Wilhelm Havåg, Ulstein