Uttale: -Meir av alt, på lag med framtida i energipolitikken

Havvind vindmølle
Havvind er en del av framtidas energimiks., Foto: iStock

Olje- og energidepartementet har no lagt ut energikommisjonen si utgreiing NOU 2023: 3 «Mer av alt – raskere». Energikommisjonen påpeikar at det hastar med handling.Møre og Romsdal Venstre er einige i at vi skal få fortgang i utbygginga av ny kraft. Vi må ha felles forståing av utfordringane og må difor ha meir kunnskap om konsekvensane av tiltak før dei settast i gong.

Uttale vedtatt på Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 5.mars 2023:

MEIR AV ALT – PÅ LAG MED FRAMTIDA I ENERGIPOLITIKKEN

Olje- og energidepartementet har no lagt ut energikommisjonen si utgreiing
NOU 2023: 3 «Mer av alt – raskere». Oppdraget var å sjå på den langsiktige utviklinga av det norske kraftsystemet, og foreslå tiltak som kan gje verknadar for framtida.

Hastar med handling
Energikommisjonen påpeikar at det hastar med handling. Dei har samla seg om ei rekkje råd og tiltak som i sum skal bidra til eit kraftoverskot i Norge også i framtida. Møre og Romsdal Venstre er einige i at om vi skal få fortgang i utbygginga av ny kraft, som sikrar norsk velferd og industriutvikling for framtida, så treng vi handling no. Men rask handling utan felles forståing for utfordringane kan fort skape konflikter, slik vi ser ein del av i samfunnet no,mellom anna på Fosen. Vi må difor ha meir kunnskap om konsekvensane av tiltak før dei settast i gong.

Vindkraft til havs
Kommisjonen ber oss forsere vindkraftutbygginga til havs, med tidleg kartlegging av
miljøkonsekvensar, og med ein langsiktig og heilheitleg plan både for havvind og havnett.
Møre og Romsdal Venstre meiner vi ikkje veit nok til å køyre i gong for fullt no. Om vi skal ha havvind, så må vi også vite korleis møllene påverkar fiskeriet og livet i havet. Vi høyrer fiskarar som både opplever og er bekymra for avgrensingar i områda dei kan fiske på, og vi ser endringar av kvar fisken gyter.

Norsk eigarskap må behaldast
Fleirtalet i kommisjonen ber om at ein utgreier korleis unngå at prissmitte frå naboland skal
overstyre norsk energipolitikk. Møre og Romsdal Venstre er oppteken av å behalde norsk eigarskap og styring av kraftressursane våre også i framtida, slik at vi kan forvalte våre innanlandske vassressursar godt, bidra til å fase inn meir uregulerbar kraft som sol- og vindkraft, og støtte opp om ein effektiv og fleksibel energibruk. Møre og Romsdal Venstre meiner det også er viktig med tiltak som skjermar hushaldningar og næringsliv mot høge kraftkostnadar.

Grøn omstilling og omsyn til natur
Meir av alt raskare er naudsynt. Samtidig må vi ikkje handle så fort at grøn omstilling
går på bekostning av natur for all framtid. Vi må forske på konsekvensar av utbygging, og
sørge for at tiltaka vi set i verk er naturvenlege og bidreg til å skape verdiar i lang framtid.