Fråsegn: La ungdomen sove lenger

Foto: Simen I. Vangen

Årsmøtet i Vestland Venstre har søndag vedtatt følgende fråsegn:

Ein studie ved Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsjukdomar i Helse Bergen viser at 85 prosent av 16-åringar søv for lite. Vestland Venstre ynskjer seg eit pilotprosjekt i Vestland fylkeskommune der elevar på ungdoms -og vidaregåande skule får starte ein time seinare på skulen.

Opplagte elevar har betre føresetnadar for å lykkast på skulen, både fagleg og sosialt. Ungdomar er biologisk innstilt til å vere B-menneskje og kan ha problem med å sovne tidleg nok. Difor har fleire skular i Bodø skulestart seinare på dagen og har gjort dette i fleire år. Dei rapporterer om godt læringsutbytte. Seinare skulestart har også vore testa ut i Storbritannia, Tyskland og USA med gode resultat.

Sola står seinare opp her i vest enn i aust. Sidan døgnrytma fylgjer soloppgong, kan dette vere ein indikator på at søvnmangel kan vere ei større utfordring på vestlandet enn lenger aust. Mange elevar vel å ikkje møte opp på skulen fordi dei er trøtte, dette fører til stort fråfall. Difor ynskjer Vestland Venstre eit pilotprosjekt med skulestart seinare på dagen. Pilotprosjektet må fylgjast opp både med måling av utvikling i karaktersnitt på skulane og evaluering saman med elevane. Vestland Venstre meiner at seinare skulestart kan ha svært positive effektar både for fråfallet i skulen, for elevane sin trivsel og for læringsutbytte.