Volda Venstre satsar på “seks-kløver” til valet

"Seks-kløveret". Frå venstre: Brynhild Lund Notøy, Benedikte Holmberg, Rune Seljeset, Stig Helland, Idar Flo og Hege Anett Nygård Seljeset, Volda Venstre

Volda Venstre har kumulert dei seks første kandidatane på lista til årets kommuneval.

“Det er viktig for oss å vise mangfald, og at vi tar både kjønns- og aldersfordelinga på alvor. Dessutan vil vi gjerne presentere nye og dyktige kandidatar som kan gjere ein solid jobb som folkevalde,” seier Hogne Kvangarsnes som er leiar i Volda Venstre.

Først på lista er Brynhild Lund Notøy nominert. Ho har lang erfaring frå kommunestyre, formannskap og arbeid i ulike lag og organisasjonar.

“Brynhild er ei eldsjel og ein sann ressursperson. Sjølv om ho har nådd pensjonsalderen, er ho framleis aktiv og samfunnsengasjert, og har siste året markert seg som ein driftig leiar av Volda Eldreråd,” fortel Kvangarsnes.

I den andre enden av aldersstigen finn vi ungdomskandidaten Hege Anett Nygård Seljeset, som er ført opp på sjetteplassen. Ho er 18 år gammal og snart ferdig på Volda vidaregåande skule. Kvangarsnes meiner ho er eit politisk talent som allereie har fått prøvd seg som medlem i Volda Ungdomsråd.

“Vi er også glade for at Benedikte Holmberg sa ja til renominering. Ho har no to periodar bak seg i kommunestyret. På tredjeplassen finn vi eit nytt politisk ansikt, Rune Seljeset. Men Rune har god røynsle som medlem av kommunestyret i Hornindal før han gjorde volding av seg,” seier Kvangarsnes.

På fjerdeplassen er Stig Helland nominert. Han er i dag vara til kommunestyret, der han representerer Voldalista, men stiller til årets val for Venstre. I tillegg er Idar Flo nominert på plass nummer fem.

“Idar har mange års erfaring frå lokalpolitisk arbeid i Volda. Siste åra har han også som styremedlem vore mykje engasjert i arbeidet med realiseringa av Volda Campus Sparebank 1 Arena”, fortel Kvangarsnes

Volda Venstre har denne perioden to representantar i kommunestyret. Kvangarsnes har god tru på å kunne auke dette.

“Vi var nokså nære tre mandat ved valet i 2019. Eg er optimist. Vi kan vise til aukande vind i segla med stigande galluptal og ny medlemmer. Vi har nominert ei solid liste, og vi skal jobbe målretta fram mot valet for å vise at vi er eit spennande og påliteleg alternativ for veljarane”, seier lokallagsleiar Kvangarsnes og legg til:

“Vi er godt rusta til valkampen, sjølv om rikspolitikarane tar vekk mykje av fokuset i lokalvalet. I første rekkje ynskjer Venstre å vere ein garantist for at lovpålagde oppgåver som barnehage, skule, helse og omsorg i størst mogeleg grad vert tilgodesette. I tillegg ynskjer vi at Volda skal vere ein god vertskommune og tilretteleggar for næringsutvikling. Voldatunnelen og ny fylkesveg 60 til Hellesylt må på plass. Og kulturpartiet Venstre lovar å halde fast ved sin grøne profil og sosialliberale ståstad”.

Heile lista til Volda Venstre ser slik ut:

1. Brynhild Lund Notøy (kum)

2. Benedikte Holmberg (kum)

3. Rune Seljeset (kum)

4. Stig Helland (kum)

5. Idar Flo (kum)

6. Hege Anett Nygård Seljeset (kum)

7. Alexander Løvik Stevenson

8. Sindre Furland

9. Norunn Holmøy

10. Johann Roppen

11. Nina Lødøen Øen

12. Kjell Kristian Grimstad-Hansen

13. Tom-Øyvind Solheim

14. Aase Myklatun Reite

15. Ole Kristian Klepp Nilsen

16. Martin Dypvik Notøy

17. Reidun Heimen Heltne

18. Ralf Bjarne Taraldset

19. Jon Philip Harman

20. Turid Tryggestad Espe

21. Caroline Huse Furland

22. Jose Rodrigo Pacheco Valle

23. Hogne Kvangarsnes