Kommunen med den sunne økonomien

Pexels

Haram kommune skal vere ein kommune med sunn økonomi. Haram kommune skal rydde opp i eiga økonomi og ha ein mykje betre økonomioppfølging som gjer at det allereie på eit tidleg tidspunkt kan settast inn tiltak dersom ein verksemd er i ferd med å få store økonomiske overskridingar.

I dagens regime er det inga ris bak spegelen for verksemder med store overskridingar, slik at dei som er flinke med å halde sitt budsjett må dekke andre sine underskot.

Haram Venstre vil at verksemdsleiarane må ta enda meir ansvar for sine budsjett, og at ved gjentatte underskot bør det kunne stillast spørsmål ved om vedkommande er rett person til jobben.

Kommunen må søke dei rette og smarte løysingane gjennom å:

  • Gjere dei rette vala
  • Gjere dei rette tinga rett
  • Ha rett tildelingsnivå (tenester)
  • Ha dei rette strukturane tilpassa Haram kommune i 2024

Haram Venstre vil:

  • Innføre månadlege økonomiske rapportar etter malen til dagens tertiærrapportar.
  • At verksemder med store over- eller underskot kan måtte ta med seg inntil 100% av dette med seg inn i neste års budsjett.
  • Kutte i administrasjonen for å heller bruke meir pengar på omsorgsarbeidarar.
  • Justere støtta til Kirkelig fellesråd tilsvarende de gamle nabokommunene.
  • Legge betre til rette for private initiativ slik at fleire firma og selskap etablerer seg i kommunen.
  • Utvikle Haram kommune til å bli “Omsorgskommunen Haram” som er sjølvberga på velferdstenester og samtidig sel tenester til kommunane rundt seg.
  • Nyttiggjere seg plasseringa av Haram – i sentrum av Nordre Sunnmøre – for det det er verdt. Til dømes bør ein ny avdeling av ein fylkeskommunal vidaregåande skule byggjast i regionens sentrum; Vatne/Tennfjord, og ein eigen naturbrukslinje bør opprettast på Nordøyane.
  • Opprette eit eige utviklingskontor som har ansvar for å jobbe med nyetableringar av industri, forretningsverksemd, hotell og liknande i Haram kommune.
  • Auke inntektene til sentrumsbutikkane, og dermed også skatteinntektene, gjennom å etablere eit nytt, meir moderne og innbydande sentrum rundt nye Eidet skule.
  • På sikt fjerne eigedomsskatten.
  • Endre skolestrukturen til to 1-10-skular, ein 8-10-skule og to 1-7-skular.
  • Jobbe for at kommunen blir kjend som “Regionkommunen Haram” som er eit lokomotiv på Nordre Sunnmøre, samtidig som kommunen ikkje er redd for å innrømme at enkelte fagmiljø blir for små i ein liten kommune som Haram og difor søkjer samarbeid.