Kommunen som prioriterer dei svakaste

Venstre

Sosialt ansvar handlar først og fremst om å hjelpe dei som har det vanskelegast. I Haram handlar dette mellom anna om å hjelpe dei som slit med rusproblem.

Haram Venstres utgangspunkt i ruspolitikken er at vi skal bekjempe rusavhengigheit, ikkje dei rusavhengige. Rusavhengigheit må derfor primært møtast med medisinske og sosialfaglege verkemiddel, ikkje straff.

Vi ynskjer ein omsorg for dei svakaste blant oss som tek utgangspunkt i at ingen menneske er like, ingen skal bli gitt opp, og at alle menneske skal ha ein verdig og trygg møte med det offentlege, uavhengig av livssituasjon og bakgrunn.

Samtidig må god førebygging prioriterast, slik at så få som mogleg endar opp som rusavhengige. Vi vert målt som lokalsamfunn på korleis vi tek vare på dei svakaste.

Haram Venstre vil:

  • Etablere fleire behandlingsplassar og betre ettervernstilbod for alkoholikarar og narkomane i samarbeid med dei andre kommunane på Nordre Sunnmøre.
  • Ha ein 24-timersgaranti for behandling etter akuttavrusning
  • Arbeide for at kommunen har lågterskeltilbod for ungdom og andre med rusavhengigheit eller rusproblem kombinert med psykiske og sosiale vanskar.
  • Opprette oppsøkande og ambulerande grupper helsepersonell som jobbar med rusproblematikk
  • Arbeide for at alle får ein individuell tiltaksplan og god oppfølging.
  • Utvikle fleire og meir fleksible bustadtilbod for vanskelegstilte i Haram.
  • Støtte opp om tilrettelagde arbeidstilbod
  • Arbeide for at kommunen tek eit større ansvar for dei som slit med å kome inn på bustadmarknaden
  • Auke sosialhjelpssatsane, slik at alle mottakarane kan følgje offentlege helse- og kosthaldsanbefalingar og delta i vanlege fritidsaktivitetar