Berekraftig og grøn framtid

Bie på epleblomst i MIdt-Telemark

Ei stemme til Venstre er ei stemme til lokalpolitikarar som skal bidra til ei berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Vi vil ta omsyn til natur og miljø i alle avgjerder og vedtak kommunen gjer. Me ønskjer kortreiste løysingar, fortetting av areal ved utbyggingar og det skal svært gode grunnar til å byggje ned matjord.

Me vil derfor:

  • forvalte naturressursane i kommunen på ein berekraftig måte. Særskilt gjeld dette elver og vassdrag i kommunen vår
  • sikre at kommunen brukar insektvenlege busker og blomar ved planting
  • halde fram og intensivere kampen mot plastforsøpling og mikroplast

forrige side neste side