Mandag 7. deltok Venstre på valmøte arrangert av NHO saman med Norsk industri på Boliden i Odda. Dette er eitt av fleire valgmøte som NHO held før stortingsvalet 2025, med mål om å skape gode relasjonar og forståing mellom politikarar og næringslivet. På møtet deltok representantar frå fleire politiske parti, inkludert Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Senterpartiet, Rødt, SV, FrP og KrF, samt industrileiarar frå Boliden og Ineos Tyssedal. Helene Seim frå Boliden var vertskap for møtet.
Føremålet med møtet var å diskutere sentrale saker for industrien før stortingsvalet, og søkelyset vart sett på dei mest avgjerande sakene for industrien i Hardanger: stabil og rimeleg tilgang til kraft, og tilgang til arbeidskraft. Dette er særleg viktig for dei store industribedriftene som har vore ryggrada i lokalsamfunnet vårt i generasjonar.
Både Boliden Odda og Ineos Tyssedal står framfor utfordringar knytt til kraftavtalar dei komande åra, Boliden har 15 år på seg og Ineos Tyssedal må forhandle ny kraftavtale innan seks år. Dette er relativt kort tid i eit industriperspektiv, særleg når Boliden ser på framtida si i eit 100-års perspektiv. Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland, understreka at det er behov for meir kraft og viste til tiltaksplanen – Kraftløftet – som NHO har utarbeida saman med LO.
Les meir om Kraftløftet på NHO sine sider, her er lenka!
Venstre, representert ved Guro Fresvik (bildet), framheva behovet for endringar i skattepolitikken og avbyråkratisering for å legge til rette for både små og store bedrifter. Ho uttrykte også at Venstre ønskjer å «rulle snøballen for det grøne skiftet» og fremhever at Venstre er klare for ein EU-debatt.
«Venstre si satsing på grøn omstilling handlar ikkje berre om ideologi, men om reelle marknadsfordelar for næringslivet. «Det grøne skiftet er i ferd med å gå frå politisk idealisme til reelt grunnlag for business og internasjonal handel. Det er ikkje ‘dumme subsidiar’ eller ‘unødvendig byråkrati’ – no er det marknaden som krev det grøne av industrien,» påpeika Guro.
På valmøtet hos Boliden blei arbeidskraft løfta fram som ein avgjerande faktor for industrien i Hardanger, på linje med stabil kraftforsyning. NHO hadde på førehand peika ut kompetanse som ei sentral sak før stortingsvalet. Fernando Ramos frå Ineos Tyssedal understreka at «stabilitet på kraft og arbeidskraft er det viktigaste politikkområdet for industrien.»
Venstre vil føre ein næringspolitikk som fungerer både for store industribedrifter og mindre verksemder. Eit tydeleg bodskap frå industriaktørane var at tidsbruk i offentlege prosessar kan utgjere ein direkte risiko for større industriprosjekt.
«Politikk for dei store bedriftene er ikkje alltid bra for dei små, men god politikk for dei små bedriftene er nesten alltid bra for dei store. Det gjeld skattepolitikk, byråkrati, rekruttering og kompetanse,» framheva Guro.
Ullensvang er den kommunen i Vestland med høgast vannkraftproduksjon – heile 4022 GWh per år. Samtidig har kommunen eit betydeleg industriforbruk på 1148 GWh. Som ein av dei største kraftkommunane i fylket vil Ullensvang bli ei viktig brikke i arbeidet med å auke fornybar kraftproduksjon, samtidig som det blir lagt strenge føringar på naturinngrep gjennom måla Norge har forplikta seg til gjennom Montreal-avtalen(COP15).
Gjennom vår tilslutning til Montreal-avtalen er Norge forpliktet til å verne og bevare minst 30% av naturen innen 2030, restaurere minst 30 prosent innen samme tid, og ha mer natur både på land og i sjøen innen 2050.
Full dekning av møtet i Hardanger Folkeblad, her er lenka! (bak betalingsmur)