Idretten betyr enormt mykje i Haram. Den er ein berebjelke i lokalsamfunnet, eit samlingspunkt på tvers av alder og bakgrunn – ein plass for meistring, fellesskap og helse. Og det er ikkje gratis å drifte eit idrettslag eller bygge eit nytt anlegg. Mange av dei mest sentrale støtteordningane frå stat og fylkeskommune krev at kommunen har ein vedteken samfunnsdel i kommuneplanen for at ein skal kunne søke. Dette gjeld blant anna tilskot til idrettsanlegg, utstyr og folkehelsetiltak.
Når Haram ikkje har denne planen på plass, kan vi rett og slett falle utanfor.
Vi har idrettslag som står klare med gode prosjekt – prosjekt som ville ha kome barn, ungdom og lokalsamfunnet til gode. Men utan nødvendige rammer frå kommunen si side, risikerer desse prosjekta å stoppe opp. Eg synest det er alvorleg at vi som kommune ikkje har sikra oss det planverket som krevst for å kunne vere med i konkurransen om desse midlane. Det skapar frustrasjon blant dei frivillige, og det svekkar utviklinga vår.
Eg meiner det er heilt nødvendig at vi som politikarar tek dette på største alvor. Å få på plass samfunnsdelen i kommuneplanen er noko av det viktigaste vi kan gjere akkurat no – for idretten, for ungdommen, og for heile Haram.
Vi må slutte å utsette. Vi må ta ansvar. Det er vår jobb å sørgje for at idrettslaga våre ikkje blir ståande utanfor medan andre kommunar med betre styring får midlane vi også kunne hatt nytte av. Det er på tide å levere.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre