Det er sant at eit EU-medlemskap ville påverka norsk landbruk. Men kanskje ikkje på den måten mange fryktar. Eg trur faktisk det kunne blitt bra – dersom vi tør å tenkje nytt.
I dag støttar vi bøndene våre på to måtar: gjennom direkte tilskot – og gjennom høge tollmurar som gjer det dyrt for utanlandske matvarer å komme inn. Desse tollmurane er med på å verne det norske landbruket frå konkurranse. Og det fungerer – men det gjer også maten vår dyrare, og det straffar bønder i andre land.
Om Noreg går inn i EU, blir vi med i eit tollfellesskap. Det betyr at vi ikkje lenger kan halde andre europeiske land ute på same måte som i dag. Men det betyr ikkje at vi må gi opp norsk landbruk.
Tvert imot – vi må berre støtte det på ein annan måte.
Mange EU-land, som Austerrike og Finland, har liknande klima og geografi som oss. Der brukar dei tilskot aktivt for å sikre busetnad i distrikta, god dyrevelferd, beite i bratt terreng og levande kulturlandskap. Det er fullt mogleg i EU – og det er det mange gjer. EU har rom for nasjonale løysingar og prioriteringar. Og det gjer at vi kan støtte det vi faktisk verdset: mangfald, miljø, norsk mat og levande bygder.
Eg trur ikkje norsk landbruk må tape på eit EU-medlemskap. Men det vil krevje at vi snur tankegangen – frå å stenge andre ute, til å støtte våre eigne på ein smart og framtidsretta måte.
Og heilt ærleg: Kanskje vi treng den endringa, uansett.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre