I påska kom det fleire alvorlege meldingar frå innbyggjarar i Brattvåg om grovt uakseptabel åtferd frå grupper av ungdom. Ifølgje meldingar som er delt i sosiale medium, skal gutar i alderen 13–17 år ha kasta stein på bilar, knust ruter, slått på dører, skapt uro i bustadområde og opptrådt truande og frekt mot folk som har prøvd å snakke med dei.
Dette skal ha skjedd både i Brattvåggata, på Vesterheimen og på Hautunet, og det er snakk om gjentekne episodar over fleire dagar. Nokre innbyggjarar seier at dei no kjenner seg utrygge i sine eigne heimar.
I tillegg vart det for nokre veker sidan sendt ut eit brev til føresette ved Brattvåg ungdomsskule, der det vart opplyst om omfattande hærverk mot skulebygget – med ein samla kostnad i 100.000-kroners-klassa. Dette tyder på at same ungdomsmiljø står bak både hærverk og uro i skuletida og på fritida.
Dette reiser fleire spørsmål: Kva gjer kommunen i møte med denne typen åtferd – både førebyggande og i oppfølging av konkrete hendingar? Er det etablert eit godt samarbeid mellom skule, politi, helsestasjon, barnevern og eventuelle fritidstilbod for å fange opp ungdom som er i ferd med å falle utanfor? Kva rom har kommunen for å støtte både ungdom og familiar som slit, og korleis blir lokalsamfunnet inkludert i tryggleiksskapande arbeid?
Korleis vurderer kommunen den auka førekomsten av alvorleg ungdomsuro i Brattvåg, og kva konkrete tiltak blir sett i verk – både for å trygge innbyggjarane og for å hjelpe ungdommane det gjeld?
Caroline Kjerstad Grønli, Katrine Pernille Beite og Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiarar i Framstegspartiet, Høgre og Venstre i Haram kommune