Kan Haram kommune vurdere eit systematisk sal av passive eigedomar, etter modell frå Volda kommune?

Foto: Haram Venstre

Volda kommune har nyleg inngått avtale med eigedomsmeklar for å gjennomføre sal av tomme og lite brukte kommunale eigedomar. Målet er å redusere dei årlege driftskostnadane med 25 millionar kroner, og slik frigjere midlar til betre tenestetilbod og redusert lånebelastning. Salet skal vere politisk forankra, og kvar eigedom vert vurdert særskilt for å sikre framtidig strategisk bustadpolitikk.

Vi meiner dette er eit tiltak som kan vere aktuelt også for Haram kommune, sett i lys av dei økonomiske og strukturelle utfordringane som kjem fram i Handlings- og økonomiplanen for 2025–2028:

• Kommunen har høg lånegjeld og stram kommuneøkonomi, og det vert slått fast at «det er særs viktig at kommunen ikkje aukar gjeldsgrada meir enn nødvendig dei næraste åra.»

• Administrasjonen tek høgd for behov for budsjettjusteringar neste år, og usikkerheita i økonomien tilseier stram styring og effektiv drift.

• Kommunen står i ein krevjande omstillingsprosess som ny sjølvstendig organisasjon, og må ha «skarpt blikk mot nytenking og å drive så effektivt og med så lite administrative ressursar som mogleg».

• Det er venta kraftig vekst i tenestebehov innan helse og omsorg, medan talet på barn i barnehage og skule går ned. Dette krev ei tilpassing av bygningsmassen over tid.

På bakgrunn av dette spør vi ordføraren i neste formannskapsmøte:

1. Har Haram kommune per i dag oversikt over eigedomar som står tomme eller er lite i bruk, og som påfører kommunen utgifter til vedlikehald, straum, forsikring og avgifter?

2. Vil ordføraren ta initiativ til ei systematisk kartlegging av slike eigedomar, med tanke på mogleg sal eller alternativ bruk?

3. Kan eit systematisk eigedomssal, etter modell frå Volda, bidra til å frigjere midlar til prioriterte oppgåver og redusere gjeldspresset på kommunen?

4. Vil ordføraren legge fram ei sak for kommunestyret som vurderer dette konkret, og foreslår rammer for ein open og politisk forankra prosess?

Vi meiner at ein slik prosess kan støtte opp under det overordna målet i handlingsplanen: at det skal vere godt å bu, leve og virke i Haram. Ved å rydde opp i passiv eigedomsmasse kan vi både styrke det økonomiske handlingsrommet og legge til rette for målretta bustadpolitikk og samfunnsutvikling.

Gruppeleiarane Kathrine Pernille Beite (Høgre), Caroline Kjerstad Grønli (Framstegspartiet) og Christian Holstad Lilleng (Venstre)