Valkamp 2025

Vi står no framfor ein spennande og viktig periode for Venstre i Ullensvang. Etter kommunevalet i 2023 har det vore rolegare i laget vårt, men no samlar vi oss for å bygge opp att aktivitet og engasjement. Vi skal saman løfte Venstre sine verdiar og løysingar fram mot Stortingsvalet 8. september – og alt vi gjer no skal også legge grunnlaget for at vi kjem oss inn att i kommunestyret i 2027.

Vi erkjenner at aktivitetsnivået har vore lågt sidan kommunevalet, men vi har halde oppe kontakten, fått fleire nye medlemmer og vore synlege i media – mellom anna med medlemsmøte og innlegg i Hardanger Folkeblad om kor viktig samarbeidet med Europa er for næringslivet i Ullensvang.

Vi har starta arbeidet med å sette Venstre sine saker på dagsorden lokalt, og no er vi klare for å ta nye steg.

No er det Stortingsvalet som står i sentrum. Vi skal vera synlege og tydelege på kva Venstre vil for Ullensvang og Norge, og korleis vi kan påverke rikspolitikken til det beste for oss på desse 4 viktige områdene:

  • Satse på skule og oppvekst som gir alle born like moglegheiter
  • Ta vare på klima og natur gjennom lokale klimatiltak og meir vern av natur
  • Styrke internasjonalt samarbeid for å løyse felles utfordringar
  • Legge til rette for at næringsliv utvikler verdiar som gjev arbeidsplassar og velstand

Vi treng deg med på laget i valkampen! Uansett om du har mykje eller lite tid, kan du bidra. Du kan vera med på stand, dele ut materiell, bidra i sosiale medium, skrive lesarinnlegg, eller komme med innspel til kva saker vi bør løfte. Saman skal vi vise at Venstre er partiet for framtida, både for Ullensvang og for Norge. Det er summen av små og store bidrag som avgjer kor synlege og sterke vi blir – og vi du vil vera med!

Vi oppdaterer denne sida med informasjon fortløpande.

Og du finn kontaktinformasjon i menyen på toppen eller her!