Vi treng ein svømmehall – ikkje eit folkebad vi ikkje har råd til

Foto: Taiki Ishikawa/Unsplash

Då planane om Folkebadet vart lanserte, var dei tufta på eit sterkt ønskje om å gi innbyggjarane eit nytt, flott anlegg for helse, trivsel og fellesskap. Det ønsket deler vi i Venstre. Men det vi no ser, er at dette prosjektet har vokse seg for stort, for dyrt – og for urealistisk.

Det siste kostnadsoverslaget gjer det klart at vi ikkje kan gjennomføre Folkebadet slik det no ligg føre, utan å setje heilt nødvendige investeringar i fare.

No treng vi eit tidsskifte: Vi må legge bort draumen om det store folkebadet – og i staden planleggje for ein enkel, funksjonell svømmehall som faktisk kan bli noko av.

I vårt alternative budsjett før jul la vi fram eit meir realistisk og rettferdig investeringsløp:
– 300 millionar til ny 1–10-skule i Brattvåg
– Oppussing av eksisterande svømmehall i Synnalandsdalen
– Midlar til å ta vare på Brattvåghallen

Dette er investeringar som kan løftast, og som gjer nytte for mange. Vi meiner difor at kommunen no bør setje ein tydeleg stopp for dagens folkebadplanar – og starte ei ny utgreiing for ei løysing som er økonomisk forsvarleg og geografisk rettferdig.

Difor har Venstre lagt fram følgjande forslag til vedtak i kommunestyret saman med Framstegspartiet og Kathrine Pernille Beite (Høgre):

1. Kommunestyret vedtek å avslutte arbeidet med Folkebadet i si noverande form, grunna det oppdaterte kostnadsbiletet og manglande gjennomføringsevne.
2. Kommunestyret ber om at det i løpet av 2025/våren 2026 vert utgreidd nye alternativ for ein framtidig svømmehall i kommunen. Utgreiinga skal vurdere ulike løysingar med omsyn til økonomi, sambruk, tilgjenge og geografisk fordeling av tenester.
3. Utgreiinga skal leggjast fram slik at ho kan inngå i økonomiplanen vi skal vedta i 2026.

Vi meiner dette er ansvarleg, realistisk – og viktig for å kunne tilby gode fellestilbod også i framtida.

Det er ikkje feil å ha drøymt stort. Men det er rett å snu når kostnadene blir større enn nytten.

Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre