Venstre la i møtet fram eit konkret forslag om at søsken ikkje skal delast. Vi meiner det burde vere sjølvsagt at barn i same familie får gå i same barnehage – ikkje i kvar si bygd, med ulike opningstider og logistikk. Forslaget blei stemt ned av dei andre partia. Argumentasjonen vi møtte, bar preg av både avmakt og forvirring.
Endå meir oppsiktsvekkjande var det då kommunedirektøren åtvara om at forslaget vårt kunne føre til at heile barnehageopptaket måtte gjerast på nytt. Dette forstår vi rett og slett ikkje. Det handlar jo ikkje om å endre søknadane – berre å gjennomføre dei på ein meir familievennleg måte. Søknadane som gjeld Tennfjord barnehage står som dei står, og utvidinga skjer i praksis i same eining, berre med lokalisering til i den tidlegare Vatne skule.
Vi forstår at det har kome eit uventa stort fødselskull i området – og at det utfordrar kapasiteten. Men det handlar ikkje om 200 ungar. Det handlar om 8–10 småbarnsfamiliar, som no må takle store, praktiske utfordringar i kvardagen. Endå meir overraskande var det då kommunedirektøren ikkje eingong kunne svare på kor mange familiar som faktisk står i denne situasjonen. Det er svakt.
Og så er det dette med matematikken.
I dag har Tennfjord barnehage fem basar, 71 barn og 22 tilsette, ifølgje kommunens heimesider. Det er no vedteke at det skal opprettast 34 nye barnehageplassar i den tidlegare Vatne skule. Når desse plassane kjem i drift – og barn flyttast dit – vil det frigjere plass i Tennfjord barnehage. Om vi reknar med at 34 barn flyttar frå Tennfjord til Vatne, vil det stå att rundt 50 barn i Tennfjord. Det betyr at barnehagen, med kapasitet til minst 70 barn, har plass til dei 8-10 borna som blir tvangsflytta til Vatne – bort frå bror eller syster på Tennfjord
Kva er det vi ikkje får vite?
Vi i Venstre mistenker at dette eigentleg handlar om økonomi. At kommuneadministrasjonen ikkje er villig til å bruke dei ekstra midlane som trengst for å sikre at søsken får gå på same lokasjon. Det hadde framleis vore vanskeleg å akseptere ei splitting av familiar – men då hadde vi i det minste fått ei forklaring som står til truande. Då kunne kommunestyret fått ta stilling til saka med rett informasjon på bordet.
Vi i Venstre er glade for at kommunen utvidar kapasiteten i området. Det trengst. Men vi krev også openheit, ryddige prosessar og logiske svar. Foreldre som leverer barnehagesøknad, skal kunne stole på at systemet er rettferdig, at søsken ikkje blir splitta – og at kommunen ikkje tek lett på kvardagslogistikken til barnefamiliar i ein travel kvardag.
Christian Holstad Lilleng
Gruppeleiar Haram Venstre