Hordaland Fylkeskommune inn på eigarsida i Grieghallen

– Grieghallen treng opprusting. Fylkeskommunen og Bergen kommune tar eit naturleg ansvar for eit bygg som har ei viktig regional rolle, seier Mona Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Mathias Fischer

Grieghallen har vore i kontinuerleg drift i 35 år og det er trong for utskifting av både teknisk og publikumsretta infrastruktur. Det har ei tid vore arbeidd med planar om opprusting av bygget. Grieghallen er eit sentralt kulturbygg og tilhaldsstad og arbeidsplass for Bergen Filharmoniske Orkester og hovudarena for Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera. Fornyingsprosjektet er kostnadsrekna til 234,6 mill. kr.

– Fylkestinget vart samde om å vere med på finansieringa av opprustinga av Grieghallen i budsjettet for 2013 kor det vart løyvd 60 millionar til ein av dei viktigaste kulturarenaene i Norge. Vi er opptatte av at dei pengane vi løyver til kulturformål nyttas til kultur og at minst mogleg går bort på vegen til finansielle kostnadar, seier fylkesvaraordfører Mona H. Hellesnes

Ved at kommunen og fylkeskommunen no kjem inn på eigarsida via eit interkommunalt selskap gjer at dei finansielle kostnadane reduserast og meir av dei løyvde pengane nyttas direkte til det dei er tenkt, nemlig opprusting av Grieghallen.

– Vi har ikkje råd til ikkje og vedlikehalde så viktige bygg som Grieghallen. Det er eit bygg som heile fylket er stolte av, og som gjer stadig nye generasjonar kulturopplevingar i verdsklasse. Det har heile tida vore sentralt for fylkeskommunen at løyvinga vi gjorde i fjor skulle gje mest mogleg kultur i den andre enden, avsluttar Hellesnes.

For kommentarar:
Fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes
Mobil: 41390461

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**