Fråsegn: Hordaland Venstre vil ha midtre trasé for E39

Ei rask ferdigstilling av ferjefri E39 er fundamentalt for utviklinga av næringslivet i Hordaland, på Vestlandet og i bergensområdet. Hordaland Venstre ønsker å bygge midtre trasé.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Fråsegn frå Hordaland Venstres fylkesårsmøte 10. februar 2013

Ein ferjefri E39 vil mellom anna redusere reisetida mellom Trondheim og Kristiansand med sju timar, og legg grunnlaget for framtidig nord-sør-transport på Vestlandet, og reduserer tungtransporten som reiser til Trondheim via Oslo.

Hordaland Venstre meiner Hordfast og ferjefri E39 må prioriterast i Nasjonal transportplan. Det er difor viktig å avklare tidleg kva alternativ ein vil satse på og kva strategiar ein legg til grunn.

Hordaland Venstre meiner det er uakseptabelt at det ikkje føreligg miljø- og klimarekneskap for alle alternativ til trasé for E39 sørover. Hordaland Venstre krev difor eit miljø- og klimarekneskap for alle alternativa som har vore utarbeida. Hordaland Venstre har ambisjonar om at den nye E39 skal bli den grønaste europavegstrekninga i Europa. Nye E39 må ikkje leggast gjennom Bergen sentrum, men av omsyn til luftkvaliteten snarare bli knyta til ringvegsystem.

Ambisjonane for den arkitektoniske og estetiske utforminga for nye E39 må vere høge. Det er også ein føresetnad at regionale frilufts- og naturverdiar i skjergarden i Søre Øyane ikkje blir råka. Hordaland Venstre meiner også det er viktig å velje ein trasé som muleggjer ei framtidig utbygging av intercity-tog mellom Stavanger og Bergen.

Hordaland Venstre meiner konseptet K4C midtre alternativ må leggjast til grunn for det vidare arbeidet med ny E39. Dette er alternativet med størst reduksjon i reisetid, vil føre til ein tettare integrert bu- og arbeidsmarknad i aksen Bergen-Stavanger, og vil på sikt vere det mest føremålstenelege alternativet.

Å løyse nye samferdsleutfordringar er ein god måte å nytte kompetansemiljø i regionen, og vil stimulere til innovasjon og nyskaping for å finne måter å krysse Bjørnefjorden på. Hordaland Venstre meiner difor ein først må ta stilling til overordna strategi før ein tar endelege avveiningar rundt flytebru, tunnelar og tekniske løysingar.

Hordaland Venstre vil:
– at Hordfast og nye E39 prioriterast i Nasjonal transportplan
– ha miljø- og klimarekneskap ved alle konseptvalutgreiingar, også nye E39
– skjerme naturverdiar i Søre Øyane for inngrep
– leggje E39 utanom Bergen sentrum, av omsyn til luftkvaliteten
– leggje midtre trasé til grunn for det vidare arbeidet med E39

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**