Eit betre barnevern

Sjølv om dei fleste born har det godt i Norge, er det ikkje alle born som får ein god barndom. Vi i Venstre ynskjer å prioritere born sine rettar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Barnevern01

Foto: Scanpix-tv2

Sjølv om dei fleste born har det godt i Norge, er det ikkje alle born som får ein god barndom. Vi i Venstre ynskjer å prioritere born sine rettar, og vi har fleire punkt i vårt Stortingsprogram ved haustens val som vil styrke utsette born sin posisjon.

Barnevernet må få store nok ressursar til å klare oppgåvene sine. Det må også tilretteleggast for eit kompetanseløft i barnevernet, mellom anna må forskningsinnsatsen styrkast. Vi ønskjer også at meir av barnevernsressursane skal settast inn i kommunane, og vi ønskjer å gjere den statlege delen av barnevernet mindre. Årsaka til dette er at samhandling på ulike etatsnivå, er krevande og det medfører også stor ressursbruk, og mykje byråkrati.

Det viktigaste grepet er imidlertid at vi ønskjer å gjere barnevernslova til ei rettigheitslov. Det er viktig at vi er tydelege på at born som ikkje har det bra, har krav på rett hjelp til rett tid. I dei siste åra har det kome fram fleire saker i nasjonale media, der born har lidd under dårleg omsorg og kanskje har borna vorte overgrepsutsette. I fleire av sakene har mange i dei respektive kommuane visst om situasjonen til barnet, likevel har ingenting skjedd. Her ønskjer vi i Venstre at kommunen sitt ansvar skal gjerast tydeleg, kommunen har ikkje berre ein rett, men også ei plikt til å gripe inn, for å skre barnet.

Åsta Årøen

Foto: Tor Blaha

Forskning på barnevernsfeltet viser at fosterheimar som er i den biologiske storfamilien til barnet, ofte er meir stabile og at resultata derfor blir betre. Vi i Venstre ønskjer at familieråd skal bli meir brukt i barnevernssaker, det vil seie at det det må bli meir rutine i å kalle inn heile storfamilien rundt barnet, før ein tek viktige beslutningar om barnet sin framtidige omsorgssituasjon. Kanskje finst det uutnytta ressursar i storfamilienettverket som kan kome barnet til gode?

Barn sin rettigheitssituasjon har stadig vorte litt betre. Historisk sett har Venstre ein viktig tradisjon å ivareta etter Johan Castberg. Vi i Venstre ønskjer derfor å gjere gode grep for dei mest utsette borna i kommende Stortingsperiode. Det trur vi er eit viktig verdival som samtidig er god samfunnsøkonomi, i det lange løp. Ingen barn veljer sin barndom, å sikre dei mest utsette borna godt nok er derfor ei viktig fellesskapsoppgåve.

Åsta Årøen
2. kandidat for Venstre i Hordaland
Leder for Norges Venstrekvinnelag

Innlegget sto på trykk i Vestnytt torsdag 22. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**