Terje Breivik innstilt som førstekandidat

Nominasjonsnemnda i Hordaland Venstre har samrøystes innstilt Terje Breivik (47), Ulvik, som førstekandidat til stortingsvalet neste år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Rune Kongsro

Breivik er i dag nestleiar i Venstre, har tidligare vore tilsett som generalsekretær i Venstre og vore ordførar i Ulvik.

– Med Terje Breivik får Venstre ein toppkandidat som verkeleg brenn for verdiskaping og distriktsutvikling, og som kjenner fylket godt, seier leiar i nominasjonsnemnda, Ingebjørg Winjum.

– Å vera innstilt til eit så viktig verv, kjennest både ansvarsfullt og svært spennande. Ender eg opp som kandidat, vil næringsutvikling og samferdsle vera viktige saker, seier Terje Breivik.

– Tilgang på risikokapital for gründarar og forskingsinstitusjonane våre, ein moderne industripolitikk, fornybar energi og ikkje minst, sikra at Hordaland og Bergen vert sentrum for det neste industrieventyret i Noreg vil vera viktige kampsaker. På samferdslesida vil særleg Bergensbana, Bybanen, Sotrasambandet og E39 stå høgt på agendaen, seier Breivik.

Åsta Årøen

Foto: Tor Blaha

På 2. og 3. plass har fleirtalet innstilt på Åsta Årøen (41), Bergen, og Synnøve Handeland (44), Kvinnherad.

– Åsta Årøen og Synnøve Handeland vil utfylla toppen i lista, med tungt engasjement og kunnskap på viktige saksområde som kunnskap, velferd og frivillige organisasjonar sine arbeidsvilkår, seier Winjum.

Erlend Horn

Foto: Tor Blaha

På andreplassen er det dissens på Erlend Horn (25), Bergen. Mindretalet har valt å følgja tilrådinga frå Venstre i Bergen, og ser på Horn som ein kandidat som vil utfylla Terje Breivik på ein god måte.

Venstres liste blir valt på nominasjonsmøtet 3. november. Slik ser innstillinga ut:

1. Terje Breivik 47 Ulvik
2. Åsta Årøen 41 Bergen
Erlend Horn 25 Bergen Dissens
3. Synnøve Handeland 44 Kvinnherad
4. Mathias Fischer 19 Bergen/UV
5. Elizabeth Toft Erichsen 28 Sund
6. Rolf Nesheim 52 Lindås
7. Hanne Kvilhaugsvik 23 Bergen
8. Sverre Kleivkås 40 Ullensvang
9. Trond Gullaksen 50 Bergen
10. Anne-Beth Njærheim 48 Bømlo
11. Birgitte Hjertås 48 Askøy
12. Knut Olav Nestås 26 Voss
13. Tove Kristin Sleire Tistel 41 Masfjorden
14. Alf Helge Greaker 35 Bergen
15. Torstein Hatlevik 40 Tysnes
16. Sigrun Bjorøy 25 Fjell
17. Frode Hervik 36 Radøy
18. Maren Børslien 21 Odda
19. Geir Angeltveit 24 Stord
20. Daniel Gunnarsen 22 Askøy
21. Grete Line Simonsen 45 Bergen
22. Harald Hove 63 Bergen

For ytterlegare kommentar

Ingebjørg Winjum, tlf 40403863

Terje Breivik, tlf 99491315

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**