Eit annleis barn

Det vesle barnet som vi ventar i august, er like elska som dei ande barna våre, men kanskje blir det eit litt annleis barn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Åsta Årøen

Foto: Tor Blaha

Det vesle barnet som vi ventar i august, er like elska som dei ande barna våre, men kanskje blir det eit litt annleis barn. Dersom det klarar seg Ultralyden i uke 18 gav oss beskjeden; nakkeødem og hjertefeil, det ser ikkje så bra ut kanskje syndrom. Så vanskeleg å førebu seg på, og så livsendrande ord. Litt seinare er det ut i kvardagslivet igjen, forbi alle dei lukkelege foreldra som ventar på ultralydundersøkelse, framfor oss eit hav av usikkerheit Vi valgte å seie nei til meir utgreiing den dagen og dei neste dagane, vi ville ha ein viss kontroll over situasjonen og kva vi blir møtt med. Gode råd og anbefalingar tek vi ikkje imot med takk, nødvendigvis. Vi veit kva vi vil.

Politikk handlar om mennesker , ressurser og prinsipper. No er vi ein av dei som kjenner den politiske debatten på kroppen, om fosterdiagnostikk og sorteringssamfunn. Er den vesle jenta vi ventar i august like velkommen som dei andre barna våre har vore??Kanskje er ho ikkje det. Ho slepp nok å bli innelåst på loft slik som mange menneske med varig kognitiv svikt, vart før i tida. Men samtidig passar ho kanskje ikkje inn i eit samfunn som elskar dei reine og ranke, friske og ressurssterke, dei som klarar seg sjølv og som ikkje treng omfattande foreldreomsorg resten av livet.

Nei til tvang
Sjølv har eg alltid meint at samfunnet ikkje skal tvinge ei kvinne til å føde eit barn ho ikkje øskjer seg. Men eg har også meint, svært sterkt, at samfunnet ikkje skal rangere mennesker etter funksjonsevne og styrke. Som gravid 40 åring føler ein seg litt uskikkeleg, ein trossar storsamfunnet sine normer om at barnfødslar ideelt skal skje før 40 år, gjerne før 38 år. Ein blir utan vidare tilbydd fosterdiagnostikk ved fylte 38 år. Tidlig ultralyd, blodprøve, fostervassprøve ved mistanke om avvik. Kvifor? Ja det er ein høgare risiko for kromosomfeil, men kvifor skal storsamfunnet bry seg? Eg valgte dette alternativet vekk, eg er ikkje interessert i at staten skal legge føringar i mitt private liv. Mine barn er ønskebarn. Uansett.

Alle barn i Søgne bør ha tilbud om barnehageplass.

Foto: .

Slik eg ser det, har staten eit økonomisk incentiv i å hindre at barn med kromosomfeil og andre avvik blir fødde. Først og fremst treng samfunnet dei friske og normale, dei andre er meir eller mindre til bry, og gjerne først og fremst ei utgift. Det er per i dag ingen tilstrekkeleg vilje til å løyse bustadskøen for dei bistandstrengande, det er ingen lovfesta rett til BPA, viljen til å gi bistandstrengande mennesker støttekontakt og muligheit til individuell livsførsel er svak, i mange kommunar. Ikkje rart at dei som ber på eit barn med utviklingsavvik lurer på kva som vil møte dette barnet når det blir fødd.

Kor mykje fosterdiagnostikk treng vi?
Vi får dei politikarane vi fortener. Eg er også politikar, og eg har fått mykje å tenke på. Eg har alltid meint at vi skal ikkje tvinge folk til å få barn dei ikkje vil ha. Samtidig har eg meint at staten ikkje skal bestemme kva barn som er samfunnets ønskebarn og kva som er eit verdig liv. Men eg må innrømme, eg har gjort lite for å stoppe den statlege invasjonen overfor gravide, der det å sette folk på val dei ikkje er førebudde på, blir ufarliggjort og kalla fridom.. .. Kor mykje fosterdiagnostikk treng vi som samfunn?

Arbeiderpartiet ønskjer likebehandling av alle gravide, og peikar på at dei fleste kvinner ønskjer å vite mest mulig om risiko. Ja mon tro det. Ultralyd ved uke 12 blir ikkje i dag akkurat presentert som eit val som kan setje ein i eit livsendrande dilemma. Dei fleste blir nok tryggare, ein får vite at alt ser bra ut, og at Downs-barna sin nakkefold ikkje er å sjå. Motivasjonen for ultralyd ved uke 12 for å få vite at alt kjem til å gå bra, er at barnet ein ventar er friskt og at barnet blir ønskt velkommen av samfunnet rundt. Dei som ikkje får beskjed om at alt ser bra ut, kan fort bli konfrontert med helsevesenet og storsamfunnet sitt ønskje om friskheit og normalitet.
Sjølv ventar vi i stor spenning på vårt ønskebarn.

Åsta Årøen

Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende tirsdag 20. mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**