Reservasjon mot paternalisme

Debatten rundt KrF sin kamp for legar sin reservasjonsrett er intens. Den praktiske utfordringa kunne blitt løyst gjennom at fastlegane ikkje lenger hadde i oppgåve å henvise til abort. I staden har KrF og Ap fått sin diskusjon om rett eller gale. Begge parti har sans for paternalistisk tenkning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Årøen2

Foto: Mathias Fischer

Venstre har gått imot reservasjonsrett, og eg meiner at vi også må seie tydeleg at alle kvinneklinikkar og gynekologiske avdelingar har plikt til å ta imot abortsøkande. Det har kome signal frå helseminster Høie om at han vil innskjerpe denne plikta for sjukehusa.

Fertilitet, fødsel og abort er arena for offentlig maktbruk. Vanskelegstilte gravide har heller ingen talspersonar i den moralske debatten mellom Ap og KrF. Å søke om abort kan vere tøft. Men det kan også vere vanskeleg å fullføre eit svangerskap. At mange kvinner er under press, ser ikkje ut til å påkalle engasjement i reservasjonsdebatten.

Tidlegare jobba eg blant tungt rusavhengige, og abort var vanleg. Vi hjalp til med kontakt med Kvinneklinikken, og praktisk hjelp til transport. Dei gongane kvinner fortalte om langvarig abortpress, hugsar eg ekstra godt. Eg kan ikkje hugse at presset vart reagert på frå hjelpeapparatet si side. I alle fall ikkje når det var snakk om “dei håplause”. Mange meinte at abort var rett, og at abortpress var legitimt. Andre ville ikkje ta stilling til saka.

Kvinna sitt synspunkt
Dei fleste gravide tenåringer tek abort. Mange helsesøstrer meiner nok at dette er det fornuftige, særleg dersom jenta og familien rundt har få ressursar. Den unge kvinna sitt synspunkt er ikkje så viktig.

Når det gjeld eldre gravide med born som har fått ein trisomi-diagnose, kan situasjonen vere motsett. Alle ønsker seg friske barn, men vi kan ikkje utelukke at holdningene i samfunnet er med på å drive diagnostiserte trisomi-familiar mot abort. Det er lite forskning på dette i Noreg, men generell diskriminering av personar med utviklingshemming er godt dokumentert. Kan vi utelukke at dette ikkje gjer at foreldre opplever at samfunnet definerer deira barn som uønska?

Det er kanskje på tide med ei ny lov om fertilitet, som kan utløyse straffeansvar dersom helsepersonell, sosialteneste, familiemedlemmer eller barnefar øver press på gravide kvinner i ein sårbar situasjon. Eg trur det er ein diskusjon vi må ta.

Åsta Årøen
Bystyrerepresentant i Bergen og leder for Norges Venstrekvinnelag

Innlegget sto på trykk i Bergens Tidende tirsdag 29. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**