Bjørg er Radøy Venstre sin ordførarkandidat!

Bjørg er fødd i 1954, er gift og har tre born. Bjørg syns Radøy kommune er ein god kommune å bu og leva i. Den har eit godt utbygd tenestetilbod av god kvalitet. -Utfordringa vert å oppretthalda og vidareutvikla tenetetilbodet til det beste for alle innbyggjarane i kommunen, seier Bjørg Murberg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Bjørg Murberg

Foto: Kari Østervold Toft

Bjørg har to periodar bak seg i kommunestyre og formannskap. Ho har sett spor etter seg på “den grøne øya”.
Takka vera hennar engsjemang og omsut, vart det sett fart i planane for nyeskulen på Sæbø. Ho fekk med seg formannskapet på ei synfaring, då vart det sett igang ein prosess. Ho er ein ressursperson når det gjeld å søkja og få statlege midlar til kommunale prosjekt, som psykriatribustader og sjukeheimsplassar. Ho har eit oppriktig ynskje om at kvar einaste arbeidstakar i kommunen skal kjenna seg verdsett og høyrd. – Dei tilsette i kommunen er den viktigaste ressursen for at me som kommune skal kunna gje innbyggjarane våre eit godt tenestetilbod, seier Bjørg.

Bjørg er også oppteken av;

*At born og unge skal ha trygge og gode oppveksttilhøve.
*Sikra at Sæbø skule og den nye sjukeheimsavdelinga ver ferdigbygde.
*Velferd for sjuke, eldre og funksjonshemma og omsyn til deira pårørande.
*Frisk, trygg mat og produksjonen av denne.
*Ta vare på naturen og pleia kulturlandskapet.
*Sikra gode vilkår for næringslivet.
*Syta for at Radøy kommune er ein god arbeidsgjevar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**