Terje Breivik vann nominasjonen i Sunnhordland

Det fyrste i ei rekka av fleire prøvenominasjonar vart holdt på Stord for Venstres lokallag i Sunnhordland. Terje Breivik vann voteringa etter ein lang debatt og spørsmålsrunde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Bak frå Venstre: Trond Gullaksen, Erlend Horn, Terje Breivik. Framme frå Venstre: Anders Skoglund, Åsta Årøen og Idun Bortne. Ikkje tilstede, Mona Haugland Hellesnes.

Bak frå Venstre: Trond Gullaksen, Erlend Horn, Terje Breivik. Framme frå Venstre: Anders Skoglund, Åsta Årøen og Idun Bortne. Ikkje tilstede, Mona Haugland Hellesnes.
Foto: Geir Angeltveit

Torsdag 19. April heldt Venstres lokallag i Sunnhordland (Stord, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes, Etne, Sveio og Fitjar) den fyrste av ein serie prøvenominasjonar. «Prøvenominasjonane er ein ny måte Venstre i Hordaland har tatt i bruk i prosessen med å velja listetopper til Stortings-valet neste år.» seier Geir Angeltveit, som arrangerte møtet. Denne måten å velja kandidatar på kom fram etter at ein ynskja å opna opp prosessane, istadenfor at desse vart tatt på eit enkelt møte, så vert det no spreidd rund i fylket på førehand av nominasjonsmøtet, så alle får møte kandidatane og får seie si meining, borgar,

Korrekt tabell

medlem, veljar og tillits- eller folkevald.

Møtet bestod av introduksjon, der kvar kandidat fekk presentere seg sjølv og sit kandidatur, etterfølgt av debatt og spørsmålsrunde. Der fekk dei aspirerande listetoppane bryna seg på spørsmål frå salen og møteleiar, Thomas Anthun Nielsen.

Møtet vart avslutta med røysting, som føregjekk ved at kvart medlem av Venstre fekk utdelt ein røystesetel der ein rangerte kandidatane frå med 7,6,5,4,3,2 eller 1poeng. Som så vart summert opp. Oppmøtet var solid og resultatet synest i tabellen over.

Resultatet viste ein klar siger til nyvald nestleiar i Venstre, Terje Breivik. Men viste også at Bergen står sterkt i Sunnhordland, der bystyrerepresentant i Bergen, Erlend Horn kom ut med ein klar andreplass, tett følgt av leiar av Venstrekvinnelaget og bystyrerepresentant i Bergen, Åsta Årøen.

Møtet med kandidatane gav mogelegheit til å spørja dei ut og å verta ekstra godt kjende med dei. Det var ein stor suksess. Alderen i salen gjekk frå så ungt som 15år til godt over 80år, og alle var lika nøgde med måten møtet vart gjennomført på. Møtet var sjølvsagt ope for alle.

Neste prøvenominasjonsmøte vert gjennomført måndag 23. April, då i regi av Hordaland Unge Venstre.

 Debattleiar, Thomas Anthun Nielsen

Debattleiar, Thomas Anthun Nielsen

 Bystyrerepresentant i Bergen Erlend Horn

Bystyrerepresentant i Bergen Erlend Horn

 Leiar for Venstrekvinnelaget, Åsta Årøen og Medlem i Bergen Venstre, Trond Gullaksen.

Leiar for Venstrekvinnelaget, Åsta Årøen og Medlem i Bergen Venstre, Trond Gullaksen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**