Ropar varsku om psykiatrikutt!

Helse Fonna er ute etter Barne- og Ungdomspsykiatrien i Sør-Hordaland. BUP i Helse Fonna vert sentralisert mot Haugesund. Den utviklinga ynskjer ikkje me!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


 Trykk på biletet for større versjon - - Faksimile Bergens Tidene

Trykk på biletet for større versjon – – Faksimile Bergens Tidene


Helse Fonna ynskjer igjen å sentralisera helsetilbodet til sjukehuset i Haugesund. Denne gongen er det barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) som er i faresona. Helsefonna ynskjer flytta 4 plassar frå Stord, samt fleire andre plassar, mellom anna i Kvinnherad.

«Dette er stikk i strid med anbefalingane frå dei faglærde. Dette er born det er snakk om, elevar frå t.d. Ullensvang må reisa 5 timar for å kome seg til behandling. Uforsvarleg og uakseptabelt. Born og ungdom treng i mykje større grad eit tilbod nær seg, der dei kan få behandling utan at det skal måtte gå alt for mykje utover fritid og skulegong.» Seier Geir Angeltveit

Venstre har vore klar på sjukehuspolitikken, og at ein må kjempa med nebb og klør for å bevara det helsetilbodet me har. Særskild når det er så openbare krefter i Helse Fonna som ynskjer denne utviklinga med å svekke vårt helsetilbod. Det er tydeleg at ein gjer kva som helst for å styrke sjukehuset i Haugesund, sjølv når det råkar borna andre stadar.

 Trykk på biletet for større versjon - - Faksimile Bladet Sunnhordland

Trykk på biletet for større versjon – – Faksimile Bladet Sunnhordland
Foto: Faksimile Bladet Sunnhordland

Vurderinga av dette er heller ikkje noko Helse Fonna har funnet det naudsynt å involvera kommunane i. Det er svært kritikkverdig at slikt vert diskutert utan at kommunane får mogelegheit til å kome med innspel og vurderingar. Særskild etter kva dei faglærde meldte om, at dette var ein svært dårleg idé.

Stord Sjukehus har 38% av pasientgrunnlaget til Helse Fonna, 55.000 personer. Det er sjølvsagt at me skal ha eit solid helsetilbod utanfor Haugesund. I 2010 var Helse Fonna ute etter å ta mellom anna akutt- og fødetilbodet, det klarte ein stoppa. No er dei altså ute etter BUP. Med den store auken i industriverksemd me no ser så ville det vore svært påtakeleg om ein ikkje hadde hatt t.d. eit akuttilbod her om det skulle skje ei ulykke. Eller kva skjer om Bømlafjordstunnelen må stengjast ein periode?

Venstre er tydeleg på dette. Om ein ynskjer å bevare den tryggleiken som eit bredt helsetilbod gir, så må me få ei ny geografisk inndeling i helseføretaket. Sidan det openbart ikkje er ynskjeleg i Helse Fonna — på tross av at alle solemerker seier at det er det beste, inkludert dei faglærde — å gje oss dette. Ei heller trer helseministeren opp og klargjer situasjonen så helsetilbodet kan tryggjast og me kan få ei føreseieleg tilvære.

Prioriteringane frå til Helse Fonna rammar ikkje berre Stord Sjukehus, men også Valen og Odda, og dei andre kommunane. Venstre meiner Stord sjukehus, Odda Sjukehus og Valen bør kome inn i same helseføretak som Haukeland, saman med Voss (Helse Bergen). Så kan Haugesund sjukehus koplast opp mot Stavanger. Dette vil bringe med seg mange mogelegheiter. «Medan Helse Fonna no ynskjer fjerna BUP plassar andre stadar og plassera alt i Haugesund, så ser me at ein i Helse Bergen satsar på dette ved å tilby fleire plassar både på Voss og i Bergen. Noko me kan sjå langt etter med Helse Fonna. Ei fadderordning med universitetssjukehuset ville vore å føretrekkja framfor å verta overstyrt av styret i Helse Fonna som tilsynelatande berre tenkjer på Haugesund.» avsluttar Angeltveit.

– Trykk her for meir om “Helse Hordaland”.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Mvh,
Geir Angeltveit

Styremedlem Hordaland Venstre og
kommunestyrerepresentant Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**