Skule og utdanning

Om du er opptatt av skule og utdanning, så er det trygt for deg å røysta Venstre. Det trengs eit løft i skulesektoren, der læraren og eleven må få betre tilhøve for å utvikla seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Video hentet fra YouTube. For full video klikk her.
Trine Skei Grande, skole

Foto: Venstre / Silje Garshol

Eleven i sentrum

Alle elevar har forskjellige utgongspunkt. Nokre er flinke i matte og andre i norsk. Om ein er flink i eit fag, meinar Venstre at ungdomsskuleelevar må få betre mogelegheiter til å følgja fag i vidaregåande skule og elevar i vidaregåande skule må kunna ta undervisning på høgare nivå.

Samstundes er det viktig at ein får hjelp om det er nokre fag ein tykkjer er meir utfordrande. Skulane må ha større mogelegheiter til å laga tilpassa opplegg, deriblant eigne valfag ut i frå elevanes ynskjer og behov.

For å sikra ein skule med dyktige lærarar som motiverar og har tid til eleven, vil Venstre ha høgare krav for å bli lærar, rett til fagleg påfyll for lærarane og kutt i skulebyråkratiet. Undervisningsevaluering bør også innførast, slik at lærarane kan få tilbakemelding og få kartlagt sitt utviklingspotensiale. Det er mange gode lærarar i skulen i dag, men i framtida vil me trenga mange fleire lærarar enn det som er på veg, dessuten må lærarane få meir tid til å vera nettopp lærar, og ikkje alt anna.

Mange unge møter på utfordringar som påverkar skulekvardagen. Enkelte opplev familie- eller venekonfliktar, andre opplev mobbing og det er mange endringar som skjer i ungdomsåra. Om det oppstår problem, er det viktig å ha eit godt helsesyster- og lavterskel psykologitilbod som kan gje hjelp så tidleg som mogeleg.

For å ha god læring, er det også viktig med eit godt fysisk læringsmiljø. Arbeidarpartiet kom med valflesk om ein rentekompensasjonsordning, som vil gjere det lettare å oppgradera skulebygga, men røysta seinst i vår mot Venstre forslag om nettopp dette. Venstre vil også ha universell utforming av alle skular — det er fint for alle, men heilt naudsynt for nokre.

Venstre vil ha ein skule som sett eleven i sentrum.

skole

Foto: vho

Les meir om Venstres syn på:
Korfor Venstre og «Folk Først» ved dette valet?
klima og miljø
Verdiskaping og næringspolitikk.
Stopp sniksentraliseringen av lokalsjukehusa!
Oversikt over saker frå Stord Venstre denne valkampen.
Stortingsprogrammet til Venstre 2013-2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**