Verdiskaping og næringspolitikk

Noreg treng fleire verksemder og me treng fleire bein å stå på i økonomien vår, ikkje berre olja. Venstre har løysinga på korleis leggja til rette for fleire verksemder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik, verdiskaping

Foto: Venstre / Silje Garshol

Venstre vil ha 250.000 nye verksemder

NHO etterlyset rammevilkår som styrkar konkurransekrafta til norske småverksemder, og vil samstundes ha politikarar som ynskjer og evner å utforma ein aktiv og framtidsretta næringspolitikk. Venstre har begge delar.

Venstre har lagt fram 40 ulike tiltak som gjer det mogeleg å etablera 250.000 nye verksemder i Noreg dei neste 4 åra.

Venstre føreslår å gjere det enklare å starta nye verksemder gjennom enklare reglar og konkrete lettingar som for eksempel å fjerna arbeidsgivaravgifta dei tre første åra for nystarta verksemder med mindre enn fem tilsette.

 Geir Angeltveit, Terje Breivik besøk hjå Sølvi Røssland Sørfonn i Atheno.

Geir Angeltveit, Terje Breivik besøk hjå Sølvi Røssland Sørfonn i Atheno.
Foto: Atle Hansen / Sunnhordland

Venstre føreslår å styrka tilgong på kapital gjennom mellom anna å innføra skattefrådrag for langsiktige investeringar i nystarta verksemder, og auka dei landsdekkande innovasjonslåneordningane i Innovasjon Norge. Næringsutvikling i Sunnhordland – Ein modell for heile landet.

Venstre føreslår ei kraftfull satsing på forsking og innovasjon gjennom å styrka SkatteFunn-ordninga, styrka næringsretta forsking, innføra direkte fradragsføring for FoU-kostnadar og etablera ei ny tilskotsordning for innovative offentlege anskaffingar.

Venstre føreslår ei målretting av offentlege verkemiddler gjennom å styrka SIVAs inkubatorsatsing, fristilla og omorganisera Innovasjon Norge så det vert ei eiga eining som utelukkande arbeidar med innovasjon og nyskaping

Venstre føreslår å redusera næringslivets kostnadar knytta til skjemavelde og rapportering med 25pst iløpet av fire år. Bl.a. ved å innføra eit norsk Regelråd etter svensk suksessmodell, forenkla og modernisering av aksjelova og forenkla IA-avtalen.

Venstre føreslår ei næringsvennleg skattepolitikk gjennom å innføra eit minstefrådrag på 100.000kroner for alle sjølvstendige næringsdrivande, redusera og på sikt fjerna formueskatten, avvikla arveavgifta og auka avskrivingssatsane.

Og Venstre vil ikkje minst følgja handlingsregelen (heile regelen), styrka sjølvstendige næringsdrivandes sosiale rettigheiter, gjera arbeidsmiljølova meir moderne og meir fleksibel og sikra tilgong på kompetent arbeidskraft bl.a. gjennom eit enklare regelverk for arbeidsinnvandring.

Samla vil disse forslaga føra til at Noreg står betre rusta til å møta ei meir utfordrande framtid for norsk næringsliv og norske småverksemder.

– Her kan ein finna ei meir detaljert oversikt over Venstres 40 tiltak.

Les meir om Venstres syn på:
Korfor Venstre og «Folk Først» ved dette valet?
klima og miljø
Skule og utdanning.
Stopp sniksentraliseringen av lokalsjukehusa!
Oversikt over saker frå Stord Venstre denne valkampen.
Stortingsprogrammet til Venstre 2013-2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**