Til innhold
Ole Reinert Berg-Olsen og Linda Bolstad Strønen
Foto: Bjørnafjorden Venstre / Birgit Cecilie Tarlebø

Vi tar Bjørnafjorden framover

Fridom og moglegheiter for alle.

  • Eit godt liv
  • Eit levande samfunn
  • Ein meningsfull kvardag
  • Ei berekraftig framtid

Bjørnafjorden Venstre ønsker at alle skal kunna leva gode liv med meiningsfylt innhald i inkluderande og levande lokalsamfunn. FN sine berekraftsmål må stå sentralt i kommunale tenester og aktivitetar.

Vi vil legga til rette for levande grender og lokalmiljø der det offentlege spelar saman med nærings- og organisasjonsliv for å skapa ein god kvardag.

Vi ønsker ein framtidsretta, omstillingsdyktig og grøn kommune som arbeider på lag med næringslivet og bygger ein god økonomi. Vi ønsker å satsa på kunnskap og skaparkraft!

Sjå vårt partiprogram og kva saker vi vil jobbe for i perioden 2023 – 2027.

  • Eit godt liv

    Bjørnafjorden skal vera ein god stad å bu for alle! Vi ønsker å prioritera skule og oppvekst, mangfald og inkludering i godt samspel mellom innbyggarane.

  • Ein skapande kvardag

    Dei som vil satsa som gründerar og skapa arbeidsplassar, skal møta ein positiv kommune som fungerer som ein viktig medspelar.

  • Eit levande samfunn

    Bjørnafjorden Venstre ønsker eit levande lokalsamfunn. Med eit kulturløft, betre kollektivtilbod og eit levande sentrum vil vi setta Bjørnafjorden på kartet som ein kommune ein ønsker å både bu i og besøka.

  • Ei berekraftig framtid

    At noko er berekraftig, betyr at det kan oppretthaldast over tid – enten vi snakkar om klima, natur eller miljø. Nye prosjekt må bygga på FN sine berekraftsmål, slik at aktivitetane våre er konstruktive. Det miljøet vi etterlèt oss, blir då betre enn det vi starta med.

Våre folk