Til innhold
Bilde med Guri Melby med teksten "Stem Venstre."

Vi tek Kviteseid framover

Kviteseid Venstrelag - Valgprogram 2023

Venstre er Noreg og Kviteseid sitt eldste politiske parti. Vi meiner likevel å vere det mest moderne og framtidsretta alternativet som stiller til val denne perioden. Vi ønskjer å ta Kviteseid framover i den neste kommunestyreperioden, i tråd med dei føringane og verdiane som er lagt til grunn i Venstre sitt nasjonale program, det regionale programmet til Telemark Venstre, og dette lokale programmet for Kviteseid.

I programmet du no les, prøver vi å være så konkrete som mogleg, slik at du kan sjå kva som er skilnaden mellom Venstre sine standpunkt og dei andre partia sine standpunkt lokalt. Derfor finn du ikkje formuleringar av typen “Kviteseid Venstre vil arbeide for eit godt skule- og oppvekstmiljø” – det vil vi sjølvsagt, som alle andre. Spørsmålet vi prøver å svare på i kvart av delkapitla er korleis Kviteseid Venstrelag ser for seg å løyse nokre av dei utfordringane vi saman står overfor i denne valperioden. Vi har også lagt vekt på at forslaga skal være økonomisk moglege å gjennomføre, og der det er store utgifter eller investeringar som følgje av forslaga skal det forklarast korleis desse skal finansierast. God lesing, og godt val!

Våre fokusområder

  • Klimavennlege lokalsamfunn

    Klimakampen er djupast sett ein fridomskamp. Det handlar om å gi barna høve til å leve eit godt og trygt liv no og i framtida. Vi må ta vare på naturen og alle goda kloden som økosystem tilbyr oss, slik som mat, reint vatn og rein luft. Venstre vil at det skal vere lett, både for lokalsamfunn og enkeltmenneske, å bidra i klimakampen og leve eit godt liv med eit lite miljøavtrykk.
    Dei fleste som flyttar til eller blir buande i Kviteseid har ein sterk tilknyting til naturen som omgir oss over alt i kommunen. Samstundes er det eit paradoks at livsstilen vi har valt, med lange pendlaravstandar, store og gamle einebustadar, dårleg kollektivtilbod og spreidd busetnad er blant dei minst berekraftige livsstilsvala ein kan ta. Også vi i Kviteseid må ta vår del av ansvaret for å redusere klimagassutsleppa og miljøavtrykket til den einskilde. Dette ynskjer vi i Venstre å få til ved å:

    • Stille krav om utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar der kommunen sjølv er byggherre, og opne for at kommunane kan krevje dette i private utbyggingar òg
    • Stille strenge klima- og miljøkrav i alle kommunale innkjøp og styrkje kompetansen om klimakrav i anbodsprosessar.
    • Leggje til rette for at det byggjast ut fleire bustadar i og nær sentrum, slik at ein ikkje er avhengig av bil for å kome seg til arbeid, skule eller butikkane.
    • Oppheve buplikta, slik at dei som i dag bur langt frå sentrum, om dei ynskjer det, kan realisere verdien i bustaden sin og flytte til ein meir sentral bustad der ein kan nytte bilen i mindre grad. Dette vil også være til fordel for heimetenesta som brukar mykje tid på transport slik busetninga er i dag.
    • Setje av pengar til at kommunen skal være med å delfinansiere ENØK-rådgiving saman med ENOVA, slik at fleire kan gjere lønnsame og klimavenlege tiltak i eiga bustad.
    • Arbeide for etablering av hurtigladar for tunge køyretøy på industriområdet i Brunkeberg
    • Stille krav om netto null energiforbruk i kommunens eigne nybygg og rehabiliteringsprosjekt.

  • Meir natur

    Saman med klimaendringar er tap av natur den største trusselen mot livskvaliteten og fridommen til oss menneske. For Venstre har naturen verdi i seg sjølv, men ein intakt natur er òg ein føresetnad for at vi skal kunne leve eit godt liv. Natur er ein føresetnad for matproduksjon, medisinar, reint vatn og rein luft. Ikkje minst er naturen den aller viktigaste forsikringa vår mot øydeleggjande klimaendringar, både ved at han bind opp klimagassar, og ved at han vernar oss mot flaum, hetebølgjer og andre konsekvensar av høgare temperaturar. Å verne naturen er derfor ei av aller viktigaste oppgåvene for Venstre dei neste åra.

  • Arealpolitikk

    Venstre ønskjer ein restriktiv arealpolitikk. Samstundes er nokre inngrep naudsynte for å sikre ei berekraftig utvikling. Til dømes treng vi store mengder ny fornybar energi frå solkraft, vindkraft og vatnkraft for å sikre ein fossilfri grøn industri, elektrifisering av transportsektoren og for å sikre positiv kraftbalanse i Noreg og Europa. Dette krev ein klok og restriktiv arealpolitikk. Venstre vil:
    • Sette av areal for fornybar energiproduksjon i dei kommunale arealplanane. Dette kan til dømes være urealiserte næringstomter, nedlagte massetak eller liknande. Det kan også være aktuelt å setje av hogstmogne skogsareal i planta skog med lav naturverdi til dette.
    • Opne opp for å etablere solkraftverk på dyrka mark, der dette let seg kombinere med vidare grasproduksjon.
    • Innføre strengare krav om å avgrense dei negative effektane hytteutbygging har på naturen.
    • Setja i verk tiltak mot spreiinga av framande artar, som til dømes hagelupinar, gjennom lokale informasjonskampanjar, “pant” på levering av planterestar til RENOVEST etter rydding og å tilby kommunale sommarjobbar der ein ryddar vegkantar og anna offentleg areal for svartelista planter.
    • Ein oppheving av buplikta vil også gjere at ein del av den bygningsmassen vi har i dag kan nyttast som fritidsbustader, og dermed redusere presset for å etablere stadig nye hyttefelt.

  • Sirkulær økonomi og gjenbruk

    Ein anna trussel mot natur og miljø er det galopperande forbruket vårt. Nordmenn ligg i dag i verdstoppen i forbruk per innbyggjar, med tre gonger større forbruk enn den gjennomsnittlege europearen. For å redusere belastinga som følgjer av naturbruk, og avgrense arealbruken til avfall, må vi leggje til rette for å bruke om igjen meir materiale og dele på ressursane. Venstre vil:
    • Etablere ein utlånsordning for handverksmaskiner gjennom Frivilligheitssentralen, etter modell frå utlånsordninga for fritidsutstyr
    • Leggje til rette for meir gjenbruk av materiale og varer i anskaffingar og byggjeprosjekt.
    • Stimulere til auka privat hyttedeling og til fleire dele- og utlånsordningar for hytter.
    • Støtte opp under tiltak som bidreg til at klede og elektronikk heller blir reparert enn kasta, til dømes ved å etablere ein liten verkstad for dette i biblioteket.

  • Barnehage

    • Venstre ynskjer at alle skal vere garantert barnehageplass umiddelbart etter foreldrepermisjonen. Slik situasjonen er no er det ein del som haldast ufrivillig utanfor arbeidslivet i perioden fram til barnehageopptaket i august. Det er sløsing med ressursar for samfunnet, og ofte ei påkjenning for dei som vert ståande utan plass.
    • I staden for å investere i nye bygg denne perioden, vil vi bruke ressursane på dei som er tilsette i barnehagane, slik at dei er mange nok, trygge nok, kompetente nok og mangfaldige nok. Vi vil innføre rekrutteringsbonus til menn som vert tilsett i barnhagane .
    • Styrkje samhandlinga for overføring av informasjon om barnets faglege nivå og utvikling i overgangen frå barnehage til skule.

  • Grunnskule

    • Samle alle elevane i Kviteseid ved Kviteseid skule. Dette trur vi vil gje eit betre og meir mangfaldig miljø av både vaksne og born, og sikre eit betre og meir robust pedagogisk tilbod for alle.
    • Innføre fem dagars skuleveke på småtrinnet. Vi trur ikkje den beste løysinga for små born er å sitte i klasserommet opp mot seks timar kvar dag skuledag. Difor vil vi også bruke onsdagane til undervisning på småtrinnet. I Venstre sitt fylkestingsprogram går vi inn for at fylkeskommunen skal dekke ekstra skyss for å få til dette. Dersom dette ikkje blir vedtatt, foreslår vi ei løysing der kommunen dekkjer dei ekstra timane på SFO for dei som har rett på skuleskyss.
    • Sikre at gratisprinsippet blir etterlevd. Skulen er den siste og einaste arenaen der born og unge kan møtast på like vilkår uavhengig av foreldras inntekt og økonomiske situasjon. Difor er det viktig at skulen er gratis og tilgjengeleg for alle, og dette gjeld også tilstellingar i samband med skulen, som joleavslutningar, sommarfestar og utanlandsturar.
    • Forsterka og tidleg innsats bør styrkast på dei lågaste skuletrinna, slik at ein på sikt kan bruke mindre ressursar enn i dag på spesialundervisning.

  • Fleire lokale arbeidsplassar

    For at det skal vere grunnlag for å flytte til eller bli buande i Kviteseid treng ein fleire lokale arbeidsplassar. Næringshagen i Kviteseid er eit godt eksempel på at det er mogleg å etablere eit høgkompetansemiljø også utanfor byane. Venstre er gründerane sitt parti, og vi ynskjer å bruke næringsfondet aktivt for å støtte dei som vil skape nye grøne, nyskapande og kreative arbeidsplassar. Kviteseid Venstre vil:
    • Aktivt støtte små og mellomstore bedrifter, entreprenørar og initiativ som ønskjer å gjennomføre grøn omstilling gjennom tilskot frå næringsfondet.
    • Leggje til rette for fleire kontorfellesskap til utleige for gründerar, næringsliv og desentraliserte offentlege tilsette kan dele idear, nettverk og kunnskap.
    • At kommunen vurderer å dele opp anbod i mindre kontraktar, slik at lokalt næringsliv kan delta i anbodskonkurransar
    • Ikkje innføre eigedomsskatt, då vi trur at dette vil være eit hinder for etablering av nye arbeidsplassar og nye tilflyttarar, og i sum gi Kviteseid lågare inntekter over tid.
    • Støtte opp om overnattingsbedriftene og turistdestinasjonane i kommunen framfor å leggje til rette for meir hytteutbygging. Dette vil sikre fleire lokale arbeidsplassar og eit meir berekraftig reiseliv.

  • Eit levande lokalsamfunn

    I ei tid der samfunnet blir meir og meir stykka opp, og der algoritmar i stadig større grad styrer kva for nyheiter du les og kven du kommuniserer med, treng vi saman å byggje gode, opne, tilgjengelege møteplassar for samtaler, leik, frivillig innsats og menneskemøte. Kommunen kan være ein pådrivar for dette, og vi i Venstre vil jobbe for:
    • Enkel tilgang til offentlege møterom, til dømes på biblioteket, kommunehuset eller skulen, for lag og foreiningar.
    • Ein ny detaljreguleringsplan for Kviteseid sentrum, der Bryggjeparken utvidast og biltrafikken stengjast mellom dampskipsbrygga og ladestasjonen. Vi treng fleire møteplassar, ikkje parkeringsplassar, i bygdesentruma våre.
    • Innrette næringsfondet slik at det prioriterer å støtte serveringsstader, kafear og pubar der folk kan møtast utan å være med i same idrettslag, trussamfunn eller foreining.
    • At kommunen finn andre kommunikasjonsplattformar enn sosiale media til å kommunisere med eigne innbyggjarar.
    • Eit levande lokalsamfunn krev at fleire avgjerder bør takast så nær dei det gjeld som mogleg. Meir makt bør flyttast frå staten til sterke og robuste kommunar. Dette krev igjen ein kompetent og tilstrekkeleg stor kommuneadministrasjon. Difor er Venstre ein pådrivar for færre og større kommunar. Kviteseid Venstre ynskjer alltid å gå i dialog med nabokommunane om ein samanslåing, helst med alle Vest-Telemarkkommunane.

  • Helse og omsorg i lokalsamfunnet

    • Sikre evna fastlegeordninga har til å gi trygg og god pasientbehandling til innbyggjarane, gjennom å sørgje for ei tydelegare oppgåvefordeling og attraktive arbeidsvilkår for legane. Dette kan inkludere å tilby legane eit større fagmiljø, og vi meiner ein bør utreie moglegheita for eit interkommunalt fastlegesamarbeid.
    • Ha eit mangfald av buformer – mellom anna omsorgsbustader og bufellesskap – slik at ein kan få ein bustad som er tilpassa etter kor godt ein klarer seg sjølv.
    • Ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og nye løysingar for å leggje til rette for at fleire kan bu heime lenger og meistre sin eigen kvardag, samtidig som ein tek omsyn til eldre utan digital kompetanse.
    • Stimulere til at fleire eldre tek ansvar for sin eigen busituasjon, og leggje til rette for nye typar bustader med meir fellesskap.