Til innhold
Foto: Kristina Vaitkuviene
FOLK FØRST. Heile kommunen i bruk, men hugs omsynet til naturen

Vinje Venstre

DEI VIKTIGASTE PRIORITERINGANE

Ombudsrolla på vegne av innbyggjarane er førande for arbeidet i kommunestyre og underutval. Venstre vil arbeide og samarbeide konstruktivt for å finne løysingar som kan gje gode og trygge levekår for alle.

  • Kommunen har det daglege ansvaret for omsorg og gode tenester for barn og unge og for mange eldre.
  • Kommunen har det daglege ansvaret for god tilgang på medisinske tenester ogøyeblikkeleg hjelp gjennom  legevakta. I tillegg har kommunestyret som politisk oppdrag å arbeide for god ambulanse- teneste inkl. etablering av base for luftambulanse.
  • Kommunestyret er arbeidsgjevar for fleire hundre tilsette. Deira interesser knytta til arbeidsvilkår og utvikling må ivaretakast.

Sikring av inntektsgrunnlager er avgjerande for nivået på tenestene til kommunen. Næringsutvikling og busetjingspolitikk gir grunnlag for skatteinntekter. Venstre støtter gründerar og lokale bedrifter innan alle bransjer. Inntektene frå kraftanlegg og -produksjon er under konstant press og treng overvaking og tett oppfylgjing.

 

VÅRT VERDIGRUNNLAG

 

Venstre er eit sosial-liberalt parti, ubunde av sosiale klasser og særinteresser. Målet er å skape eit samfunn med frie menneske. Fridommen heng nøye saman med ansvar som den einskilde har både for seg sjølv og for samfunnet. Dei som av ulike grunnar ikkje kan ta vare på seg sjølv, må få den hjelpa dei treng til å leve eit verdig liv.

Venstre vil at alle som bur i Vinje, skal kjenne at dei høyrer til eit felleskap, der dei saman med andre kan finne og forme sin eigen veg til til eit godt liv. Vinje skal ha levande bygdesamfunn som er opne for mangfald med rom for personleg fridom.

 

10 liberale prinsipp.

  1. Fridomen skal gjelde overalt, for alle
  2. Det personlege ansvaret er ufråvikeleg
  3. Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for kommande generasjonar
  4. Verkeleg fridom føreset felleskap og rettferd
  5. Alle er likeverdige, men ingen er like
  6. Politikk skal fremje livskvalitet og menneskeleg vekst
  7. Politisk makt skal komme nedanfrå
  8. Makt skal spreiast og balanserast
  9. Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa
  10. Liberalismen er optimistisk og alltid undervegs

Vinje Venstres viktigste saker

  • MILJØUTFORDRINGANE

    Miljøutfordringane stiller krav til bedrifter og kommunane. Venstre går inn for samarbeid om felles miljøvernstrategi i Vest-Telemark. Vinje kommune skal oppnå miljøeffektar ved å gjennomføre konkrete og målretta tiltak - etter ein plan.

  • NÆRINGSUTVIKLING

    Kommunen si framste oppgåve er å leggje til rette for bedrifter og einskildpersonar. For nye idéar med økonomisk potensial kan kommunen gje økonomisk støtte, saman med Innovasjon Norge.

  • LANDBRUK

    Kommunen må halde fram med satsinga på jordbruk og spesielt utnytting av rovfor-/beiteressursane. Her har vi felles interesse med reiselivet og lokale foredlarar som Haukeli Ysteri.

  • HYTTEBYGGING

    Reiselivet er eit nøkkelfaktor for næringsutviklinga i kommunen og hyttebygging er ein vesentleg del av dette. Før områda for hyttebygging blir utvida/auka, bør det gjerast ei grundig analyse eller konsekvensutgreiing i forhold til andre interesser, både lokale og nasjonale.

  • TETTSTADENE

    Venstre vil leggje til rette for utvikling og trivsel i heile kommunen . Då treng me sterke og tydelege sentra som kan utviklast ut frå eigne føresetnader. Bustad– og næringstomter må vere tilgjengeleg og estetikk må vektleggjast i utvikling av tettstadene.
    Åmot har grunnlag for utvikling til regionsenter for offentlege og private tenester.
    Venstre vil arbeide for overnattingstilbod med hotellstandard i Åmot.

    Rauland har styrka seg på ein god måte dei seinare åra, med sterke fagmiljø i AIR, USN og reiselivet.
    Også Øyfjell har ei god utvikling.

    I komande periode må kommunen ha særleg fokus på Haukeli/Edland og
    arbeide for fleire arbeidsplassar der.

  • KULTUR OG FRIVILJUG ARBEID

    Venstre vil alltid prioritere kultursektoren. Den friviljuge innsatsen er ein avgjerande del av kulturarbeidet som kommunen må stø opp under. Ordninga med gratis lokalleige må utvidast.

  • SKULE

    Skulestrukturen i Vinje ligg fast i komande periode. Då kan ein fokusere på innhald og trivsel FOR
    ALLE. Alle skal bli sett. Ingen skal bli plaga. Dyktige pedagogar er avgjerande for resultatet.
    Målingar og tilbakemeldingar tilseier at vi må strekke oss fagleg!
    Kommunen må tilby læreplassar i relevante fag, slik at yrkesretta utdanningsløp kan bli fullførte.

  • OMSORGSBUSTADER

    Av ulike grunnar ynskjer ikkje alle å bu heime lengst mogleg, sjølv med gode heimetenester. Det må vere graderte tilbod (m.a. omsorgsbustader) tilgjengeleg i dagens 3 sentra. Vi må fylgje med på utviklinga slik at investeringar og andre tiltak kan kome i rett tid.

  • INTEGRERING

    God integrering føreset eit samspel mellom det offentlege og det private/ frivillige. God integrering blir i stor grad skapt etter kontortid. Å skape dette samspelet må prioriterast.

  • INFRASTRUKTUR VEG

    For E134 ynskjer Venstre å halde fram med opprusting av nåverande veg. Samstundes må innkorting i ny trase reali- serast -på ein mest mogleg skånsom måte. Ny veg over fjellet er førsteprioritet.
    For fylkesvegane er det strekninga Rauland-Åmot-Dalen som bør ha prioritet.
    Kommunale vegar må haldast vedlike og utviklast slik at dei har god kvalitet og høg bruksverdi.

  • KOLLEKTIVTILBODET

    Haukeliekspressen er vårt einaste langdistande kollektivtilbod. Kommunen må arbeide for best mogleg rammevilkår.
    Venstre vil arbeide for at ordninga med bestillingsruter blir forsterka og at det blir sett etter nye løysingar for å betre tilbodet til dei som ikkje kjører bil.

  • GENERELL EIGEDOMSSKATT (HUS, HYTTER OG NÆRING)

    Venstre seier NEI til innføring av generell eigedomsskatt komande kommunestyreperiode. Balanse i drifta må finnast gjennom å tilpasse driftsmåtar og omfang til inntektene.

  • DELTIDSINNBYGGJARANE

    Dei mange deltidsinnbyggjarane med hytte eller fritidsbustad i Vinje, er blant våre beste ambassadørar, både dei med røter her og dei mange andre. Venstre vil gå inn for meir
    strukturert kontakt og informasjonsutveksling med deltidsinnbyggjarane, med ei tenleg form.