Til innhold
Foto: Irene Storøy
Folk først

Bremanger Venstre

Dei største utfordringane i Bremanger kommune er knytt til folketal og demografisk utvikling. Derfor er dette hovudfokus for Bremanger Venstre sin politikk. Venstre meiner det trengs solid politisk styring for å snu utviklinga. Vi må ta grep om framtidsutviklinga til bygdene våre og vere ei tydeleg stemme der politikk vert utforma og vedtak fatta!

Framtidsretta reguleringsplanar, samferdsle, infrastruktur og satsing på born og unge er viktige stikkord for auka næringsverksemd, turisme og busetnad. Samstundes skal vi ha gode tilbod for eldre, sjuke og pleietrengande.

Viktige saker for Bremanger Venstre

  • Næring

    Bremanger Venstre ønskjer å legge til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst.
    Men vi må også støtte opp om dei arbeidsplassane vi har. Aktivitet avlar aktivitet!

  • Samferdsle

    Fullt fokus på Kystvegen! Bremanger Venstre vil jobbe for å sikre oppstart på strekninga Svelgen-Indrehus i 2020 og snarleg realisering av dei neste byggjestega. Brua over ytre Nordfjord vil skape enorme moglegheiter og positive ringverknader for heile regionen.
    Bremanger Venstre vil også starte planarbeid for heving av vegstandarden mellom bygdene og kystvegen.

  • Miljø

    Bremanger Venstre vil ha ein klar miljøprofil på kommunal drift og tenesteyting og setje energi, klima og grønt næringsliv på dagsorden..
    Vi bur i eit land med fantastisk natur. Den har lagt grunnlaget for velferden vår.
    Men naturen er sårbar. Derfor må vi ta vare på miljøet.

  • Skule og oppvekst

    Bremanger Venstre vil satse på kvalitet i skulen. Vi må sikre godt inneklima og læringsmiljø. Skulane må ha gode læremiddel, dataverktøy og anna undervisningsmateriell. Alle oppvekstsenter skal ha gode uteområde. Vi må ha gode ordningar for vidareutdanning og rekruttere nye tilsette med rett kompetanse.

  • Helse og omsorg

    Bremanger Venstre vil at vi også i framtida skal ha eit fullverdig tilbod ved helsesentera på Hauge og i Svelgen.
    Helsestasjonar for gravide, born og unge og ambulanseteneste må også oppretthaldast.

  • Kultur

    Bremanger Venstre vil at vi framleis skal ha eit godt kulturskuletilbod.
    Eit rikt og variert kulturtilbod gjev auka bu-lyst, turisme og positive ringverknader for lokalt næringsliv.

Nyhende

Flere nyheter

Våre folk