Til innhold
Foto: Gro Gjelsvik

Saman tek me Kvam framover

Kvam Venstre

Kvam Venstre vil bidra til å skape levande og grøne lokalsamfunn i kommunen vår.

Dette står Kvam Venstre for

  • Klimavenlege lokalsamfunn - ta vare på naturen

    Naturen og det biologiske mangfaldet er eksistensgrunnlaget vårt. Naturen kan beskytte oss mot katastrofale konsekvensar av klimaendringar og er heim for dei artane me deler jorda med. Ikkje minst er naturen ei kjelde til livskvalitet og gode opplevingar. Difor må me ta vare på naturen, både for oss og dei som kjem etter oss. Skal me ta vare på naturen for framtida, er det ein føresetnad at nye generasjonar blir kjende med og blir glade i naturen. Difor er friluftsliv ein føresetnad for vern av naturen. Naturen har ein eigenverdi og ein nytteverdi. Vi må difor beskytte meir natur enn me gjer i dag, både på land og til havs.

  • Ein god skule og opplæringssektor

    Å satse på skulen er å satse på borna. Skulen skal gje alle nok kunnskap til å få eit godt og fritt liv, uansett kven foreldra dine er og kor du kjem frå. Me trur at gode lærarar er viktigst for å få til dette.
    Me ynskjer at det skal vere like god bemanning i fyrste klasse som i barnehagen; slik intensjonen var då seksåringane kom inn i skulen.
    Borna våre skal ha trygge skulevegar.
    Me ynskjer å styrka leksehjelpa for barn og ungdom.

  • Fleire lokale arbeidsplassar og eit levande lokalsamfunn

    Jobbane i framtida vil vera annsleis enn dei me har i dag. Difor må me sleppe til dei nye idéane og dei kreative og engasjerte hovuda. Me må sørgje for at arbeidsplassar ikkje forureinar. Det må vera like trygt å skape ein ny jobb, som å få jobb hjå nokon andre. Å ha ein jobb er meining i kvardagen. Ei inntekt betyr fleire muligheiter. Me må gjera det me kan for at alle som kan jobbe, får jobbe.

  • Gode tenester innan helse og omsorg

    Venstre vil gje alle betre tilgang på gode og nære helsetenester.
    Ein kompetent fastlege som føl pasientane over tid, er det beste for pasienten. Det må sikrast god tilgang på fastlegar i Kvam.
    Me vil satsa på forebyggande tiltak retta mot unge, deriblant samarbeid mellom helsetjenster og skular med informasjon om rusmiddelbruk.
    Me ynskjer eit fast helgetilbod til ungdom under 18 år.
    Me vil jobba for å få mammografibussen attende til kommunen.
    Me ynskjer betre helsetilbod innan t.d. psykiatri, også under ferieavvikling.
    Me ynskjer ein frisklivssentral som tilbyr lavterskel helsetilbod.
    Me ynskjer tilrettelagde bufellesskap for yngre personar med demens og andre helseutfordringar.
    Me ynskjer å utvikle helse- og omsorgstjenester ved å utvide fagansvaret for helsefagarbeidarane (avlaste sjukepleiarane)