Til innhold
Solnedgong i Rødspollen, Foto: Bernhard E. Nerland

Saman tek me Sveio framover!

Sveio Venstre

Sveio Venstre er det sosialliberale alternativet i Sveio.

Me ønskjer eit Sveio med aktive og skapande innbyggjarar som tek ansvar for seg sjølv og sine, og for fellesskapet.

  • Eit Sveio kvar me tek kampen for miljøet og mot klimaendringar og ureining på alvor.
  • Eit Sveio med gode tilbod for alle – ikkje forbod mot dei få. Eit Sveio som fortsatt er ein god og attraktiv kommune å bu i.
  • Eit Sveio som satsar på born og unge, og som syter for trygge oppvekstvilkår – òg sett dei som trenger det mest – først.

Besøk oss på facebook!

  • Helse og omsorg

    Sveio Venstre vil:

    - At kommunen skal ha ein rettleiar som hjelp til å navigere i helse- og stønadssystemet slik at alle kan få den hjelpa dei har krav på
    - Arbeide for at sjukepleiarar, jordmødrer og andre helsearbeidarar kan få ein arbeidskvardag med moglegheiter til å stå i heiltidsstilling, mellom anna gjennom å sjå på alternative turnusordningar, auka bemanning og avlasting for arbeidsoppgåver som kan løysast med hjelp frå andre yrkesgrupper
    - Sikre at kommunen har eit godt lågterskeltilbod for ungdom med psykiske plagar
    - Jobbe for at alle som får utført tenester heime skal få faste kontaktpersonar å forhalde seg til
    - Sikre bu- og tenestetilbod for personar med funksjonsnedsetting i tråd med FN-konvensjonen (CRPD)
    - Styrkje behandlingstilbodet for rusavhengige, slik at dei er sikra omgåande helsehjelp, eit butilbod og naudsynt behandling for dei som ynskjer det – utan ventetid
    - Satse på førebyggande tiltak retta mot unge, med anna gjennom samarbeid mellom helsetenester og skulane med informasjon om rusmiddelbruk
    - Sørgje for at det finst tryggje møteplassar for menneskjer i aktiv rus
    - Ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og nye løysingar for å leggje til rette for at fleire kan bu heime lengre og meistra sin eigen kvardag, samstundes som ein tek omsyn til eldre utan digital kompetanse
    - Satsa på auka grad av heimerehabilitering slik at eldre raskast mogleg kan kome tilbake til vanleg form etter sjukdom eller skade
    - Arbeide for at sjukeheim og omsorgsbustader har eit rikt aktivitetstilbod som er tilpassa mangfaldet av menneskje som bur saman dei siste åra av livet, samt sørgje for at maten har høg kvalitet
    - At kommunen skal tilby avlasting for pårørande, og aktivisering for personar med demens
    - Vera positiv til private sjukeheimar som eit supplement til kommunale sjukeheimar
    - Utvida sjukeheimtilbodet slik at kommunen kan tilby fleire omsorgsplassar

  • Kultur og idrett

    Sveio Venstre vil:

    - Auke ramane for ungdomskontakten
    - Støtte opp om etablering av alternative fritidstilbod
    - Vidareføra ordninga «Idrett for alle», og midlar til dei som trenger det
    - Arbeide for ei eiga ordning for «fritidskort» for barn og unge i kommunen, som dekkjer eit årleg beløp for fritidsaktivitetar
    - Vidareføra idrettsanlegga rundt om i kommunen, og vedlikehalda desse, slik at me framleis kan eit tilbod i bygdene
    - Ferdigstille ein ny svømmehall i løpet av perioden
    - Vidareutvikla biblioteket som ein kulturarena
    - Få på plass ein frisbeegolfbane
    - Ha ny idrettshall ved Vigdartun

  • Næring, verdiskaping og samfunn

    Sveio Venstre vil difor arbeide for:

    - At det vert oppretta ein stilling som næringssjef i kommunen
    - At det vert oppretta eit næringsfond i kommunen som vert målretta mot etablering av ny verksemder
    - At kommunen bistår med byggmasse, og til kontorfellesskap, for gründerverksemder på allereie etablerte næringsområde
    - At kommunen har som målsetnad at det vert skapt minst ein verksemdetablering i året utanom varehandelen, med minst tre heiltidsarbeidsplassar
    - Etablering av fiskeoppdrett på land, for sjeldne fiskeslag som gjer god avkasting, og som kan verte eit kompetansesenter for avling og oppdrett av slike fiskeslag
    - Etablering av kompetansesenter for bølgjekraft i samarbeid med aktuelle verksemder og forskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen. Revisjon av arealplanen for Sletta Vest med sikte på forsøksdrift av mindre og større bølgjekraftverk
    - At kommunen intensiverer arbeidet med å skape arbeidsplassar innanfor miljøvenleg gruvedrift. Det vert ynskja avklaring om kommersiell drift er lønsamt. Føremålet er utvinning av industrimineralar (gneis/kvarts og fluoritt) og metall som er viktige for det grøne skiftet. Slike førekomstar er allereie kartlagd av Noregs Geologiske Undersøking (NGU) i Sveio
    - Etablering av djupvasskai

  • Landbruk

    Sveio Venstre vil:

    - Fleire område for andelslandbruk, kolonihagar og parsellhagar
    - Å støtte alternative driftsformar og produksjon, samt stimulera til meir gardsturisme og direktesal av lokalproduserte mat- og drikkevarar
    - Å oppmode gjennom kommunale og regionale støtteordningar til at ein har meir tradisjonelle artar som beiter mykje ute, opne for meir utmarksbeiting og på den måte bidra til å ivareta utmarks- og heilandskapa i Sveio, samt utnytte grovfôrressursane lokalt

  • Klima og miljø

    Sveio Venstre er på lag med naturen, og ynskjer å:

    - Vedta ein eigen kommunedelplan for naturmangfald
    - Innføre arealrekneskap i kommuneplanen sin arealdel
    - Etablere ein tydeleg målsetnad om eit arealnøytral Sveio med null tap av natur, samt auka gjenbruk og fortetting av areal allereie utsett for menneskelege inngrep

    Sveio Venstre ynskjer å styrke klimasatsinga i kommunen med å:

    - Etablera ei dedikert stilling for klima og miljø underlagt den nye avdelinga for samfunnsutvikling slik at kommunen har fokus på desse temaa i alt dei gjer
    - Innføre klimabudsjett og klimarekneskap i løpet av perioden som skal gjelda alle direkte utslepp i kommunen

    Sveio Venstre er for fornybar energi;

    - Men er negative til utbygging av større vindkraftanlegg på land i kommunen

    Me vil:

    - At det vert utført moglegheitsstudier knytt til potensialet for produksjon av bølgje- og tidevasskraft i kommunen
    - Etablera bakkemonterte solcellekraftverk i kommunen, fortrinnsvis på «grå areal», men ein ynskjer òg å sjå på moglegheiter for å skape fleirbruksareal
    - At minst 90 % av den offentlege bilparken i kommunen skal vera utsleppsfri innan utgangen av perioden, og at miljø og klima vert vekta med minimum 40 % i alle nye kommunale/offentlege anbod/byggjeprosjekt
    - At pris aldri skal vera einaste tildelingskriterium uavhengig av storleik på eit prosjekt, og at det vert stilt miljøkrav i alle offentlege anskaffingar

  • Barnehage og skule

    Sveio Venstre vil:

    - Oppretthalda full barnehagedekning i kommunen
    - Ha løpande barnehageopptak i Sveio for å sikre at alle får moglegheit til å byrje i barnehagen etter endt foreldrepermisjon
    - Innføre gratis barnehage og SFO for låginntektsfamiliar
    - Gje moglegheit for SFO i ferier på skulen barna er tilknytt
    - Innføra søskenmoderasjon i SFO
    - Behalda dagens skulestruktur
    - Ha ein leksefri barneskule
    - Innføre heildagsskule
    - Satse meir på praktisk-estetiske fag
    - Styrke Førde skule som vaksenopplæringsskule

  • Samferdsle og transport

    Sveio Venstre vil arbeide for:

    - Hyppigare bussavganger mellom Haugesund og Leirvik
    - Familierabatt på kollektivtransport for eineforsørgjarar
    - Forbetra billettsamarbeid mellom Skyss og private tilbydarar som trafikkerer hovudstrekninga gjennom kommunen
    - At planarbeidet for Fv. 47 Fagerheim-Ekrene vert sluttført
    - At ny/utbetra Rophusveg vert realisert, om naudsynt med lånefinansiering og ekspropriasjon av byggjegrunn
    - Ny E39 gjennom Sveio, men ynskjer at dei store naturmangfald- og landbruksverdiane i planområdet vert teke særskild omsyn til. Tunnelløysingar må verte prioritert i desse områda
    - Etablering av ladestasjon på Ekrene, om mogleg òg for tyngre køyretøy
    - Meir samanhengjande gang- og sykkelvegar i kommunen