Representantskapmøte og lokalpolitisk nettverk i Ålesund 15-17 oktober

Fylkesstyret kallar inn til representantskap møte fredag 15 og laurdag 16 oktober på Thon Hotel i Ålesund. Helga held fram med lokalpolitisk nettverk same stad frå laurdag 16 oktober etter lunsj og søndag 17 oktober. Vi ønskjer velkommen til ei flott og givande Venstre-helg. Til representantskapmøtet kjem Abid Raja som skal innleie til debatt laurdag føremiddag, og til lokalpolitisk nettverk kjem kursleiarar frå Venstre sentralt, mellom anna Odd Einar Dørum. Frist for påmelding er 6. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Hausten er her, og med den følgjer vidare skulering i det Venstre har valt å kalle “lokalpolitisk nettverk” (eller Venstreskulen 3).

Abid Q. Raja

Abid Q. Raja
Foto: Venstre

Det er ikkje slik enkelte har trudd, eit kurs/ei samling berre for dei som frå før har gjennomført Venstreskulen 1 og 2 (sjølv om det vil vere ein fordel), men mynta på alle personar som vil bli sentrale personar i valkampen på lokal- og fylkeslagsnivå, anten som listekandidatar, styremedlemer eller anna.

De treng heller ikkje ha vore med på samlinga i vår for å kunne vere med som fullverdige deltakarar vidare.

Samlinga denne gongen er lagt til Thon hotell i Ålesund, og oppslutnaden frå sist samling i Molde, med 16 deltakarar bør kunne slåast grundig ned i støvlane!

Odd Einar Dørum

Odd Einar Dørum
Foto: Stortinget

Vi i fylkeslaget føler oss overtydde om at oppslutninga kring desse samlingane vil vere heilt avgjerande for oppslutninga kring vårt parti ved valet neste haust – valkampen startar no!

Vidare kallar vi inn til representantskapsmøte, der den store saka blir listestillinga til fylkestingsvalet (sjå vedlegg!)

I tillegg til kursleiarane våre frå VHO, kjem også Abid Raja på besøk laurdagen til representantskapsmøtet, med innleing til politisk debatt før avslutning og lunsj. Til lokalpolitisk nettverk kjem Odd Einar Dørum som ein av kursleiarane.

Påmelding innan 6. oktober til begge arrangementa blir å sende til Bente Aure [email protected] eller sms/tel. til 91857091.


Relevante dokument


Innkalling til representantskapmøte og lokalpolitsik nettverk 15-17 oktober

Program for møtet 15-17 oktober 2010

Påmeldingsskjema for representantskapmøte og lokalpolitisk nettverk 15-17 oktober 2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**