Framtidsretta flyplassutvikling?

Hestehandlar er vanleg i politikken, men etter mi meining sel Avinor denne gangen ein hest som har dårlege tenner, sett frå folket i Giske si side, og på sikt også for Sunnmøre som region.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Media har den siste veka fokusert på Avinor sine utfordringar ved utviding av sikringssona rundt flyplassen på Vigra. Vinklinga har derimot ofte blitt Avinors kamp mot bakstreberske politikarar i Giske, samt at størstedelen av folket i Giske er motstandarar av ei framtidsretta flyplassutvikling. Dette er ei vinkling som etter mi meining ikkje yter rettferd til nokon av partane, heller ikkje Avinor.

Øvredalen-på vei til Svinningen

Foto: Tore Rykkel

Avinor og Giske kommune har etter mitt skjøn hatt ein positiv dialog fram til no. Lag og organisasjonar i kommunen har gjerne invitert Tor Hånde for å fortelje om den positive utviklinga på flyplassen. Mange gler seg over god trafikkutvikling, og ser positivt på utviding av rutetilbod og korleis vi stadig får Sunnmøre nærare resten av verda. Sunnmøre har som region store uutnytta moglegheiter som vi kan ta tak i gjennom samarbeid mellom politikarar, næringsliv, innbyggjarar og Avinor. Vi er godt på veg, mellom anna med utviklingsforumet tilknytt flyplassen og reiselivssatsinga som ein i dag gjennomfører i fylket. For næringslivet på Sunnmøre er det særs viktig at vi har gode rutetilbod og godt utval i destinasjonar.

Giske kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og med aukande tilflytting. Dette er ei gledeleg utvikling, men stiller samtidig store krav til kommunal planlegging. Vigra er ei øy med nær 3000 innbyggjarar. Det er også den øya i Giske kommune som har størst potensial med ledig areal for bustadutbygging og næringsområde i framtida. Vegar har samanheng med planlegging av bustadområde, næringsområde, og ikkje minst sikringsområde for flyplass. Vår rolle som politikarar er å sikre at løysninga som vert vald, er den mest framtidsretta løysinga på sikt, ikkje berre den beste økonomiske løysinga for Avinor.

Avinor har fått eit krav om utbetring av sikkerheita, dei har fått ei utfordring dei må løyse. Dette kravet er det deira oppgåve å løyse innanfor dei rammene som Giske kommunestyre gir på vegne av veljarane i kommunen. Eg vil vere med på å leggje til rette for ei positiv utvikling for ein flott og framtidsretta flyplass på Vigra, men kan ikkje godta at den framtidige utviklinga av kommunen skal styrast av Avinor sine truslar. Det er etter mi meining ikkje til innbyggjarane sitt beste å berre ha éin tilkomst til øya; eit hol under rullebana i aust. På meg verker det som om at Avinor har ein strategi der dei skal setje resten av Sunnmøre opp mot folket i Giske, for å sleppe unna dei investeringane dei må ta for å oppretthalde ein av hovudvegane i kommunen.

Eg registrerer at argumentasjonen er den same for utviding av sikringssona ved Kristiansand lufthamn, Kjevik. Dersom Avinor ikkje får den løysinga som dei sjølve vil, trugar dei med kutt i rutetilbod, og i verste fall nedbygging av flyplassen som følgje av kortare bane. Dersom vi som politikarar skal kunne trugast til vedtak i den eine eller andre parten sin favør, gjer vi etter mi meining ikkje jobben vår. Hestehandlar er vanleg i politikken, men etter mi meining sel Avinor denne gangen ein hest som har dårlege tenner, sett frå folket i Giske si side, og på sikt også for Sunnmøre som region.

Anne-Lise Roald
Kommunestyremedlem Giske Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**