Giske Venstre vil ha fokus på veg!

I Giske kommune har vi dei siste åra fått stor belastning på vegsystemet vårt. For alle som ferdast langs vegen, eller ønskjer det, er det med dette også blitt eit aukande problem at ikkje vegane er godt nok sikra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Giske Venstre etterlyser ein plan som kommuneleiinga kan arbeide målretta etter for å leggje press på myndigheitene, og slik sikre vår del av vegmidlane. Vi meiner at ein i alle fall ikkje må gi seg utan kamp.

Svein Gjøsund

Svein Gjøsund
Foto: Ove Paulsen

Giske Venstre har fått mange innspel frå fortvilte foreldre som ikkje lenger føler at det er trygt å la skuleborna ferdast i nærmiljøet for å besøke vener og familie. Mange vaksne kvir seg for å setje seg på sykkelen, og det er ikkje like kjekt å gå ut med barnevogna heller. Bileigarane kjem mange stader ut for store hol i vegen, greiner og hekkar som gjer skade på bilane, og bussane kjem heller ikkje uhindra fram på dagens vegar.

På Vigra har ein blitt kjend med Avinor sine nye krav for utviding av sikringssona rundt flyplassen. Giske Venstre vil i det høvet arbeide aktivt med å få til ei vegløysing som ikkje medfører at ein koplar av delar av Vigra, og der ein aukar trafikkbelastninga på Gjøsund og Røysa. Giske Venstre ønskjer at det skal utgreiast fleire alternativ for ny vegløysning på Vigra, der ein òg må sjå på ein betre tilkomst til sjukeheimen, kyrkja. Ein bør òg oppgradere området omkring for å ha tilfredsstillande infrastruktur for den noverande og planlagde utviklinga av Reset. I tillegg har Vigra mykje godt areal, som ein må få best muleg utnytta til boligformål og industri.

Giske Venstre har allereie starta arbeidet med å skissere ulike moglege løysningar, der ein kan få best mogleg arealutnytting av heile Vigra, samt ein best mogleg tilkomst til flyplassen og sjukeheimen på Vigra for innbyggjarane i Giske og resten av regionen. Giske Venstre ønskjer ny veg til flyplassen kombinert med veg til øvre Vigra. I første omgang er det viktig for Giske Venstre at ein ikkje allereie no skal gjere hastevedtak i samband med regulering av området, slik at ein låser muligheiter i framtida, mellom anna ved å stengje Synesvegen i vestenden av flyplassen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**