Kommunesamanslåing på Nordre Sunnmøre ?

Haram Venstre meiner at det no er på tide å få meir fakta på bordet om både fordelar og ulemper med ein annan kommunestruktur på Nordre Sunnmøre enn dagens struktur. Venstres Kristian Stråmyr spør difor ordføraren om utredning av kommunesamanslåing på Nordre Sunnmøre på komande torsdags kommunestyremøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Kristian Stråmyr

Kristian Stråmyr

Spørsmål til ordføraren om utredning av kommunesamanslåing på Nordre Sunnmøre

Haram Venstre meiner at det no er på tide å få meir fakta på bordet om både fordelar og ulemper med ein annan kommunestruktur på Nordre Sunnmøre enn dagens struktur.

16.6.2011 diskuterte kommunestyret eit brev frå Ørskog kommune som etterlyste uttale frå fleire kommunar om kommunesamanslåing. Resultatet vart eit vedtak om at kommunestyret var positiv til å få vurdert spørsmål kring kommunestruktur mellom kommunane i ÅRU. Dette vedtaket er etter vår meining veldig vidt og syner lite om kva som konkret skal gjerast vidare i saka.

Næringslivet med den maritime klyngja i spissen ser i stadig større grad på Nordre Sunnmøre som ein einskapleg region. Dessverre ser vi at det er ein tendens til at gjensidig positivt samarbeid mellom kommunane har vore unntaket i staden for regelen. Dette har gjort seg særlig gjeldande innanfor areal- og samferdselspolitikken.

Haram Venstre ynskjer difor no ei fullstendig utredning i samarbeid med nabokommunane våre som svarer på spørsmål som:
●Kva vil ein ny kommunestruktur på Nordre Sunnmøre ha å seie for kvaliteten og kostnadane på kommunane sine tenestetilbod?
●Kva vil ein ny kommunestruktur på Nordre Sunnmøre ha å seie for areal-, samferdsel- og miljøpolitikken i regionen?
●Kva vil ein ny kommunestruktur på Nordre Sunnmøre ha å seie for lokaldemokratiet i kommunane?
●Kva vil ein ny kommunestruktur på Nordre Sunnmøre ha å seie for moglegheita til politisk gjennomslag på fylkes- og regjeringsnivå?

Haram Venstres spørsmål til ordføraren er som følgjer:
Kva har kommunestyrevedtaket 16.6.2011 ført til, og korleis stiller ordføraren seg til ein slik utredning som vi skisserer?

Kristian Stråmyr
For Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**