Vellukka møte med Dørum!

Odd Einar Dørum, Pål Farstad og fleire sentrale venstrefolk i fylket var samla i Brattvåg 8. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Møte med ordførar Bjørn Sandnes.

Møte med ordførar Bjørn Sandnes.
Foto: Kristian Stråmyr

Fyrst var det møte på Rådhuset der ordførar Bjørn Sandnes (H) orienterte om Nordøyvegen. Så var det møte med Haram Innovasjonsstudio der Guttorm Ulla gav eit detaljert innblikk i situasjonen for næringslivet i regionen. Sentrale tema var kompetanseheving, kommunikasjonar, integrering og Haramsmodellen (samarbeidet mellom kommune, skule og næringsliv).

Presentasjon av Guttorm Ulla.

Presentasjon av Guttorm Ulla.
Foto: Kristian Stråmyr

Etterpå var det duka for foredrag på Kulturkafeen. Dørum haldt innlegg om Venstre si nøkkelrolle, og stortingskandidat Pål Farstad haldt innlegg om kvifor han skal på Stortinget. Sjå klipp nedst i artikkelen.

Foredrag av Odd Einar Dørum

Foredrag av Odd Einar Dørum
Foto: Kristian Stråmyr

Venstre sin andrekandidat Britt Giske Andersen frå Giske Kommune var òg tilstade og gav si heilhjerta støtte til å få Farstad på Stortinget. -Han har så mykje kompetanse og erfaringar som Fylket treng på Stortinget, han har alle dei kvalitetane som Venstre står for avslutta ho.

Til slutt var det valkampansvarlig Ragnhild Helseth som hadde ordet. Ho tok føre seg dei meir praktiske sidene ved valkampen. -I Venstre blir du huka til praktisk arbeid frå første stund, sa ho. Ho mimra over korleis det var som ung å stå på stand, og spreie informasjon om partiet. Ho snakka varmt om dør til dør aksjonar som Dørum er ein tilhengar av.

Video hentet fra YouTube. For full video klikk her.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**