Venstre vil ha Nordøyvegen!

Det seier stortingskandidat Pål Farstad som nyleg vitja Haram.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Britt Giske Andresen, Pål Farstad, Håvard Urkedal og Steffen Falkevik.

Britt Giske Andresen, Pål Farstad, Håvard Urkedal og Steffen Falkevik.
Foto: Kristian Stråmyr

Bilistane som skulle til Nordøyane fekk både lesestoff og drops frå Venstre medan dei venta på at ferja skulle kome. I ein sjarmoffensiv vitja Venstre sine to toppkandidatar Pål Farstad og Britt Giske Andersen Haram saman med Ålesund Venstreleiar Steffen Falkevik måndag ettermiddag. Aksjonen fann stad på ferjekaiene i Brattvåg og Skjelten.

Dei fekk sjansen til å slå av ein prat med veljarane, som var godt nøgd med Venstre si støtte til Nordøyvegen. -Det er ein kjempefordel for prosjektet at Venstre får inn ein politikar på Stortinget med røter frå øyane i Haram, seier Haram Venstre sin gruppeleiar Kristian Stråmyr som òg var tilstade.

– Farstad har ved fleire høve vist sitt engasjement for Nordøyvegen blant anna i Fylkestinget og då han og Dørum var i Haram 8. juni, sa Stråmyr.

Med ei fersk meiningsmåling for Møre og Romsdal som gir Venstre 7,5 % av stemmene ligg Farstad godt an til å valt inn på Tinget.

Det var laga til ein eigen flyer som du kan lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**