Til innhold

Bjarte Gangeskar

Bjarte Gaangeskar

Venstre balanserer ansvar for fellesskapet og den enkelt sin fridom.

Bjarte er 48 år og arbeider som fagleiar i barnevernet i Eid kommune. Han kjenner kommuneorganisasjonen godt gjennom mange års erfaring frå leiarstilling i Gloppen kommune.

Kvifor stiller eg til val for Gloppen Venstre?
Venstre er mitt parti, og eg meiner det er viktig at folk engasjerer seg politisk. I Gloppen har Venstre, etter mi vurdering, gjort ein god jobb i inneverande periode. Det har vore ryddige og hatt eit godt og prinisipelt fokus på skillet mellom politikk og administrasjon, habilitetsspørsmål og den politiske arbeidsgjevarrolla. Dei har tort å ta upopulære, men naudsynte standpunkt.

Venstre står for ein politikk som balanserer ansvar for fellesskapet og den enkelte sin fridom på ein god måte. Begge deler meiner eg er viktig for å ha eit godt og inkluderande lokalsamfunn. Eg opplever Venstre, både lokalt og nasjonalt, som eit parti som er aktivt samfunnsutviklingande. Vi er ikkje redde for endring, men møter utfordringar med ein offensiv tankegang – der andre gjerne inntar ei offerrolle.

Mine visjonar for Gloppen kommune:

  • I Gloppen vil folk få høve til å ta ansvar for eige liv og medvirke i lokalsamfunnet.
  • I Gloppen skal alle oppleve tryggleiken ved å få lokalsamfunnet si støtte når det er behov for det.
  • I Gloppen er vi ikkje redde for å endre oss i takt med samfunnsutviklinga.