Eg er 48 år, gift med Hilde og har 3 born; gut på 16 år og to jenter på 14 og 9 år.
Vi bur i Svelgen der vi bygde nytt hus i 2004.
Eg arbeider no for Polygon AS med marknad og prosjekt, har tidlegare drive eiga verksemd i Svelgen med totalt 14 tilsette.
Bremanger har store utfordringar med befolkningsnedgong og dette må vi begrense. Etter mitt syn må difor
Bremanger kommune verte tettare integrert i ein bu- og arbeidsregion med Flora og Vågsøy (KINN).
Dette i form av kortast mogleg reisetid mellom kystbyane slik at vi får full effekt av allereie utbygd infrastruktur som Bremanger 1 og 2.
Er også opptatt av at vi må sette tæring til næring, men likevel sørgje for å oppgradere oppvekst og omsorgssenter til god standard og halde dei slik.
Vi må også finne ut kva nye ting vi skal setje i verk, og sørgje for økonomiske rammer som gjer det mogleg å gjennomføre.