Til innhold

Gunhild Berge Stang

Gunhild Berge Stang (f. 1974) frå Fjaler. Ho var statssekretær i Solberg-regjeringen, har vore ordførar i Fjaler i perioden 2015-19 og er utdanna arkeolog.

Hjartesaker:

  • gode oppvekstvilkår
  • eit sterkt og mangfaldig næringsliv
  • verdig politikk for dei svakaste
  • miljø

Gunhild Berge Stang var Vestland Venstre sin fylkesordførarkandidat i 2019 og vart valt inn som ein av to representantar for Venstre. Sidan mai 2020 har ho vore statssekretær i regjeringa og har difor permisjon frå fylkestinget. Ho er busett i Dale i Fjaler. Gunhild er 47 år og mor til tre barn (9,12 og 13 år).

«Eg vil byggje sterke regionsentra med urbane kvalitetar og som trekkjer til seg spennande arbeidsplassar. Eg er særleg oppteken av å skape arbeidsplassar og bumiljø som trekkjer til seg unge kvinner, noko vi dessverre har eit underskot på i Sogn og Fjordane. Samstundes har eg som ungdomslagsmenneske tru på oppdrifta og skaparkrafta i dei mindre lokalsamfunna og nærmiljøa. Dei mindre bygdene med nærleik til velferdstilbod og større sentra kan spele kvarandre gode ved å fungere som felles bu- og arbeidsmarknadsområde».

«Folketalsutviklinga er Sogn og Fjordane si største utfordring. Eg vil at dei som flyttar hit, skal gjere det fordi det er her dei finn det dei vil ha, ikkje fordi dei skal heim og «redde» fylket eller bygda si.

Det trur eg vi kan klare. Vi må i langt større grad enn til no satse på ein moderne, grøn og framtidsretta arbeidsmarknad, som er i tråd med det dagens ungdom ynskjer å vere ein del av. Med nytt næringsliv og sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar, kombinert med skule i nasjonal toppklasse og oppvekstvilkår mange som i dag bur i Oslo eller Bergen drøymer om for sine born, ligg alt til rette for ei lys framtid for Sogn og Fjordane og Vestlnad.

Stemmer du på Venstre, stemmer du på eit parti som ikkje støttar seg til at alt var betre før, men som ser mot framtida».

 

Ta gjerne kontakt med meg på telefon eller e-post.

Gunhild Berge Stang