Til innhold

Helle Frogner

Helle Frogner

Skular i nærleiken er viktig for godt læringsmiljø og vekst i heile kommunen.

Eg bur på Stadlandet og har fire born. Eg er fotograf, og utdanna lærar. I fleire år jobba eg som kulturkonsulent i Vanylven kommune. Frå 2014-2022 dreiv eg ein lokal ballettskule for barn og unge, fyrst på frivillig basis, så med kulturskulen.

Eg engasjerar meg i lokalpolitikk for å gje bygdene ei stemme. Det er viktig å vere tilstades der planar blir lagd og avgjerder blir tekne.

I politikken ønsker eg å arbeide for skulane og godt læringsmiljø, og då kan ikkje vegen verken til skule eller barnehage vere for lang. Eg ser barnehagane og skulane som avgjerande for å oppretthalde folketalet og skape vekst i bygdene. Som forelder er eg oppteken av tryggleik. Det må vere mogleg å få akutt hjelp fort, også for oss som bur langt ute i bygdene. Andre sakar som betyr mykje for meg er miljø, kultur og næringsutvikling.

Venstre er mitt parti fordi det er eit godt miljøparti, eit godt skuleparti, eit godt kulturparti og eit godt næringsparti. Det gjer at vi kan skape eit samfunn med mykje friheit for kvar og ein, men også med ansvar for kvarandre.