Til innhold

Kristian Stråmyr

Kristian Stråmyr er 25 år bur på Gamlem i Haram kommune. Han starta å engasjere seg i politikk som nestleiar og seinare leiar av Haram Ungdomsråd.

Stråmyr er i dag gruppeleiar for Haram Venstre (sidan 2011) og fast kommunestyremedlem frå 2015. Han har tillitsverv som sekretær for Møre & Romsdal Venstre og valkampsekretær ved årets fylkestingsval.

Hjartesaker:

1. Legge til rette for gründerskap og verdiskaping, mellom anna ved å nytte Haramsmodellen som legg opp til tett samarbeid mellom kommunen, skulane og næringslivet.

2. Halde kulturlandskap og matjord i hevd av omsyn til matproduksjon for framtidige generasjonar, artsmangfald og oppleving av ope landskap.

3. Styrke og utvikle folkebiblioteka som formidlingsarena , uavhengig debattarena og integreringsarena og lage ei forsøksordning med meiropne bibliotek.

4. Gi tilbod om kombinasjonsklassar for å hindre fråfall der elevane får meir grunnskuleopplærong, samtidig som dei blir førebudde på kva som forventast i den vidaregåande skulen.