Til innhold

Leon Stranden

Leon

Viktig å stimulere til å bygge utleigebustadar til førstegongsetablerarar

Født 1966, er gift med Alice og busett på Smebøen i Syvde.

Han arbeider i Mowi, på rensefiskanlegget på Sighaug.

Han meiner at Vanylven kommune må bygge utleigeleilegheiter, om ikkje private tek initiativ til dette. Har vi ikkje bustadar tilgjengeleg får vi heller ikkje tilflytting.

Vi må også ha ledige barnehageplassar i dei kommunale barnehagane, slik at innbyggarar og tilflyttarar har tilboda godt tilrettelagt for å velge Vanylven når borna kjem.

Leon ynskjer at kommunen sine innbyggjarar skal få positive svar på tiltak dei ynskjer å utføre så lenge det ikkje fører til ulemper for andre. Får ein ikkje positive svar skal det etter behandling vere godt grunna.

Vanylven kommune må bygge utleige leiligheter om ikkje private ynskjer å bygge. Har vi ikkje boliger får vi ikkje tilflytting! Vi må og ha ledige barnehage plasser i dei kommunale bhg. Uten det ingen tilflytting!

Leon er ein sosial og positiv person og likar ikkje å seie nei !!Difor har han vore engasjert i lagsarbeid i Van Kam, i Syvde IL og Vanylven IL .

Vi treng Leon si tydelege røyst og den evna han har til å tenkje klart i vanskelege saker!