Til innhold

Maria Wilhelmsen Irgens

Maria er 25 år og arbeidar som butikksjef hjå CMYK på Amfi.

Maria er opprinneleg frå Sagvåg, men har flytta til Bjelland der ho og forloveden held på å bygga hus. Ho er vår ungdomskandidat og tidlegare leiar av Sunnhordland Unge Venstre. I dag er ho svært opptatt av ein god skule og godt miljø.

Korfor stemmer du Venstre?
Eg vil at Stord må vera med å ta ansvar for vår forureining. Eg ønskjer å vera med å skapa ein kommune som i større grad fokuserar på klima og miljø. Då må kommunen kutta sitt energibruk, få kjeldesortering på alle einingar og leggja til rette for at alle innbyggjarar kan ta grøne val som sykkel i kvardagen.