Til innhold

Peggy Husevik Bærøy

Peggy Husevik Bærøy er vår 4. kandidat. Peggy er 69 år og arbeidar som ingeniør i Kvaerner​, der ho har vore i 47 år.

Ho har tidlegare vore med i  kommunestyret i 2007 og satt fram til 2011, i dag er ho medlem av kontrollkomiteen. Peggy håpar å igjen få høve til å verta medlem av kommunestyret og arbeida for framtidsretta og grøn politikk.

– Som medlem av forvaltningsstyret i tre periodar var eg svært opptatt av god byutvikling og nærmiljøet, og å følgja planar.

Korfor stemmer du Venstre?
– Fordi Venstre har dei verdiane som passar for meg. Ansvar for kvarandre og fridom for den enkelte var eit slagord ein gong i tida og det gav gjenklang i meg. Eg er også svært sosialt engasjert, og meinar me bør ta ansvar for kvarandre, miljøet og oss sjølv.